29 nye dokument i Fjord1-saka offentleggjorde

Av dokumenta som no er lagt ut er mellom anna aksjekjøpsavtalen mellom Torghatten og Fylkeskommunen. Store delar av avtalen ligg no open, men punkt som til dømes omhandlar forkjøpsrett og korleis risikoen skulle fordelast mellom Torghatten og Fylkeskommunen er framleis sladda.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har tidlegare fått massiv kritikk for at ein ikkje fekk innsyn i ei rekkje dokument i samband med Fjord1-salet. Avisa Firda fekk mellom anna tilsendt 43 sider med sladda dokument då dei søkte om innsyn i fleire av dokumenta.

I ei pressemelding skriv fylkesrådmannen måndag at dei har gått gjennom dokumenta i samarbeid med Torghatten. Bakgrunnen for mykje av hemmeleghaldet er at dokumenta inneheld konkurransesensitiv informasjon, og fordi ein ynskjer å sikre fylkeskommunen og andre sine verdiar.

Fylkeskommunen skal halde fram gjennomgangen av dokumenta, og vil legge dei ut fortløpande.