63 har fått ja til sluttpakke i TV 2

– Vi er glade for at vi allereie i første runde av denne prosessen kom i mål med 63 frivillige løysingar, seier organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i TV 2, Sarah C.J. Willand, i ei pressemelding.

Det er ei overvekt av medarbeidarar i Oslo som har fått innvilga ønsket om sluttpakke. Fleire av dei som har fått ja, er profilerte medarbeidarar som Jan Ove Ekeberg, Nils Gunnar Lie og Mah-Rukh Ali.

Må kutte meir

Sarah C.J. Willand

Det kjem ytterlegare kutt i årsverk i TV 2, seier organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i TV 2, Sarah C.J. Willand.

Foto: Alex Iversen, TV 2

I mai blei det kjent at TV 2 skal kutte 350 millionar kroner fram mot 2020. Sluttpakkane er første runde i denne prosessen.

Men sjølv om det no er innvilga 63 sluttpakkar, må TV 2 framleis kutte i talet på årsverk for å kome i mål, skriv dei i pressemeldinga.

– Vårt mål heile vegen er å oppnå flest mogleg frivillige løysingar, det gjeld også for den fasen vi no går inn i, seier Willand.

– På allmøtet 29. september vil vi kome nærmare tilbake til korleis vegen ser ut vidare, seier ho.

Då legg leiinga i TV 2 fram kor mange fleire årsverk som må bort for at dei skal nå målet om å spare 350 millionar kroner fram mot 2020.

Ønsker ikkje oppseiingar

Stein Akre

Nestleiar i Klubb 2, Stein Akre, ønsker å unngå oppseiingar.

Foto: TV 2.

Nestleiar i Klubb 2, Stein Akre, seier til NRK at det er trist at dei mister så mange kollegaer på denne måten. Men det er betre enn alternativet:

– Vi jobbar heile tida for å unngå oppseiingar. Og det at 63 medarbeidarar no kan ta sluttpakke viser at det er mogleg å løyse slike prosessar utan å seie opp folk. Vi ønsker difor at dette også skal gjelde for den neste runden vi skal gjennom no.