65 utan jobb etter buss- konkurs

– Me tar det sjølvsagt tungt, det er jo levebrødet vårt som plutseleg er rive ifrå oss. Det er ikkje noko kjekt, seier Ole Morten Vik, tillitsvalt i Vest Buss.

Han fortel at dei tilsette har sett teikn til dårlege tider, men at det likevel kom som eit sjokk at det skulle plutseleg skulle komma så brått og så omfattande.

Det var Fjordingen som først omtalte konkursen. I år har Vest Buss selt 213 bussar i Noreg, noko som er ny rekord, men det var ikkje nok for å berga Vest Buss Norge, Vest Buss Gruppen AS og Vest Buss Sverige AB.

Ole Morten Vik

TUNGT: Tillitsvalt i Vest Buss, Ole Morten Vik, fortel at dei tilsette har det tungt.

Foto: PRIVAT

– Me har mange bussar som skal leverast til jul, eller skulle leverast til jul. Me såg føre oss at me iallfall hadde arbeid fram til nyttår.

No tok det heile slutt på dagen, men Vik trur det gjeld å tenkja positivt.

– Det er tilgjengelege arbeidsplassar hos andre bedrifter her i Stryn, men det er ikkje nok arbeidsplassar til alle, og det er nok ikkje like lett for alle, seier Vik.

Har stor gjeld

– Det er ikkje inntening, men finansiering og stor gjeld til Iveco som har vore utfordringa vår, fortel styreleiar for Vest Buss Gruppen AS, Per Dag Nedreberg.

Konkursen blei vedteke i eit styremøte på måndag, og tysdag køyrde Nedreberg til Førde for å levera konkursbuet inn til Fjordane skifterett.

– Det er sjølvsagt ei trist melding å ta imot for dei tilsette, og ei trist melding å gi. Men eg synest folk opptredde roleg og beherska, seier Nedreberg.

Nedreberg fortel at dei tilsette er veldig opptatt av kva som skjer framover, og at Vest Buss har prøvd å informera så godt som dei kunne om moglegheitene vidare.

– Alle visste vel at me har slite, særleg i haust. Alle har også visst at me har jobba med løysingar, men dei kom ikkje tidsnok, seier Nedreberg.

Ifølgje Fjordingen gjekk selskapet frå 175 millionar kroner i omsetjing i 2014 til 100 millionar kroner i 2015. Det negative resultatet på 6,1 millionar i 2014 blei forverra til minus 20,2 millionar i fjor.