Allardyce avslørt av skjult kamera

Allardyce skal ha inngått ein avtale verdt 400.000 pund og forklart det han trudde var ei gruppe asiatiske forretningsmenn korleis dei skulle omgå reglane som skal hindre tredjepartar i å delta i kjøp og sal av spelarar.

Reglane skal hindre at tredjepartar skal «eige» spelarar og deira økonomiske rettar for å sikre seg inntekter frå pengemaskina Premier League.

Dette er tidlegare skildra som reint slaveri, og vart forbode i England i 2008. FIFA følgde etter og forbaud dette på verdsbasis i fjor.

I to møte på til saman fire timar la Allardyce ut om kor lett det var å omgå desse reglane.

Men forretningsmennene var journalistar frå avisa The Telegraph. Dei filma i skjul forhandlingane, der Allardyce også kom med lite smigrande karakteristikkar av sin forgjengar Roy Hodgson.

– Eg veit om agentar som har gjort dette i mange år. Det er framleis mogeleg å omgå «dei latterlege reglane», sa den 61 år gamle landslagssjefen.

FA innleier gransking

Hans råd til forretningsmennene – altså Telegraph-journalistane – byggjer på dei enorme summane som ligg i overgangane i Premier League i dag.

Avisa skriv at dei har jobba med avsløring av korrupsjon i engelsk fotball i ti månader, altså sidan lenge før Allardyce blei landslagssjef. Det skjedde først etter EM i sommar, og han har leia laget i berre ein landskamp.

Historia blei kjend i går kveld. Fotballforbundet har allereie sett i gang gransking, og har bedt avisa om fleire detaljar, melder Sky Sports.

Men verken Allardyce eller fotballforbundet har kommentert opplysningane.