Ber om 2,5 mill. til å hjelpe norske unge i Spania

Behovet for hjelp aukar for kvart år. Det er registrert fleire saker hittil i år enn i heile fjor. No ynskjer Sjømannskyrkja å styrkje tenesta Familieveiviseren , som er eit spesialtilbod for norske familiar og ungdomar i Spania.

Dei ber Stortinget om ei ekstraløyving på 2,5 millionar kroner, slik at dei kan opprette ei ny fagstilling som kan yte hjelp til born og unge også andre stader i Spania, slik som Costa del Sol og Gran Canaria.

Sølvi Larsen i Familieveiviseren.

Sølvi Larsen er dagleg leiar i Familieveiviseren på Costa Blanca.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Rømde heim til Noreg

– Det er mange eksempel på at vi trengst. I vår var det til dømes ein ung gut som rømde heim til Noreg fordi han ikkje orka å vere saman med foreldra i Spania. Han ville heller bu i fosterheim i Noreg, seier dagleg leiar i Familieveiviseren, Sølvi Larsen.

Ho nemner også ein liten gut som flytta til Spania saman med familien sin for å kome seg unna barnevernet i Noreg. Også denne saka greidde dei å løyse til det beste for guten saman med foreldra og det norske barnevernet.

Den erfarne sosialarbeidaren meiner det er eit tydeleg behov for norske fagfolk som kan hjelpe norske born i utlandet. Dei jobbar med alvorlege saker som handlar om vald, mistanke om overgrep og generell omsorgssvikt, men også mindre alvorlege saker som mistrivsel og einsemd.

I dag er det to fagpersonar som skal ta seg av slike saker på Costa Blanca. No ynskjer dei å utvide tilbodet til også å gjelde andre delar av Spania, men til det treng dei ei fagstilling til.

Ambulerande stilling

– Tanken er å etablere ei ambulerande stilling, som er ei veke på Costa Blanca, ei veke på Costa del Sol og ei veker på Gran Canaria. Vi har fått stadig sterkare signal om at det er stort behov for denne type hjelp også andre stader der det er mange fastbuande nordmenn, seier ho.

I dag legg Sølvi Larsen og kommunikasjonssjefen i Sjømannskyrkja, Linn Mevold Skogheim, fram synet sitt på ekstra pengar for Kyrkje- utdannings og forskingskomiteen på Stortinget.

Sølvi Larsen fortel at problema norske ungdomar opplever når dei flyttar til Spania saman med familien, ikkje nødvendigvis er verre enn det mange jamaldrande opplever heime i Noreg.

– Spanjolene har veldig sterkt samhold og hjelper hverandre

Dobling av norske sosialsaker i Spania

– Manglar nettverk

Den store skilnaden er at dei i Spania ikkje har ein naturleg stad å ta kontakt når problema hopar seg opp. Mange kan ikkje språket, og dei har ikkje eit naturleg nettverk som besteforeldre eller andre slektningar, eller nære vener.

Det bur cirka 500 norske born og ungdomar på Costa Blanca i Spania. Dei fleste går på norsk skule eller i norsk barnehage. Det er på mange måtar som ein norsk kommune, bortsett frå at det kvart år er ei storutskifting i miljøet. Folk bur der gjerne i periodar på eitt til fem år.

– Sjømannskyrkja må kutte kraftig

– Har mykje å takke Sjømannskyrkja for