Bieber besøkte Geiranger

Justin Bieber har vore i Norge dei siste dagane, og overalt der han ferdast blir det oppstyr. Men superstjerna vil så gjerne sjå litt anna enn berre innsida av hotell, bilar og helikopter, medan han er i Norge.

Difor har han fått ordna eit superhemmeleg opplegg der han kan vere turist – utan at det blir kaos og hundrevis av av folk rundt han.

I dag gjekk turen til Vestlandet, der Bieber har sett fjell og fjordar, og bada i det iskalde Oppstrynsvatnet i Stryn. Vidare gjekk turen med helikopter til verdsarv-bygda Geiranger på Sunnmøre.

Justin Bieber-crew i Oppstryn

SVARTE BILAR OG BUSSAR: Her skal Justin Bieber ha tassa over tunet i badekåpe etter ein iskald dukkert i Oppstrynsvatnet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bieber var tidlegare i dag ute og køyrde båt i Oppstrynsvatnet, og tok seg òg ein dukkert i det turkise isbrevatnet. NRK-journalist Silje Guddal møtte tilfeldigvis på det kjende fjeset medan ho bytte bleie på dottera. Då hadde han akkurat bada i vatnet.

– Vi hadde vore på tur og skulle skifte bleie. Så såg eg opp frå barnevogna og der kom Justin Bieber forbi i badekåpe. Han sa hei og gjekk inn i ein stor buss. Han hadde akkurat bada i Oppstrynsvatnet, seier Guddal.

Etterpå gjekk han og ein hund rundt på plenen ved familiehotellet Hjelle hotell, på Hjelle i Stryn.

Mange har no byrja å samle seg på Hjelle, men hovudpersonen sjølv skal ha letta i helikopter om lag 15.30.

Ifølge TV 2 skal Bieber sitt fly vere klargjort på Vigra utanfor Ålesund, og det er venta at han skal vidare til Finland i dag.