Bil i fjellvegg i Bergen – mann kritisk skadd

Naudetatane rykte ut like etter klokka 3 i natt etter meldingar om at ein bil hadde krasja om lag 150 meter inne i Knappetunnelen frå Søreide-sida. Tunnelen var stengd i retning Bergen sentrum i mange timar.

Ukjend skadeomfang

– Det var ein mann i bilen, som vart teken med til Haukeland. Skadeomfanget er ukjend, men mannen vert omtala som kritisk skadd, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Føraren var åleine i bilen. Politiet opplyser at det er store materielle skadar på bilen.

Haukeland universitetssjukehus stadfester at sjåføren er innlagd, men kan ikkje seia noko om tilstanden til mannen.

– Mykje energi inne i biletet

Til NRK opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen at mannen tysdag morgon vert operert på Haukeland sjukehus.

– Det har vore mykje energi inne i biletet. Sidan me ikkje har vitne til ulukka, kjenner me ikkje hendingsgangen. Me håpar vidare etterforsking vil avdekkja det, seier Knappen.

Politiet vil også gjera tekniske undersøkingar av køyretøyet tysdag.

Rundkjøring ved Knappetunnelen

DOLVIKEN: Trafikken flaut fint ved Dolviken, ved nedkøyringa til Knappetunnelen, klokka halv 7. Politiet frykta lange køar før tunnelen opna like over halv 8.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Stengd i morgonrushet

Ulukkeskommisjonen var tidleg på staden for å føreta undersøkingar.

– Tunnelen vil truleg vera stengd i halvannan time framover, sa Kolltveit til NRK kvart over 5.

Klokka 7.30 vart tunnelen opna for trafikk i begge retningar.

Bilen hadde høg fart – mistenkjer rus

Politiet mistenkjer at sjåføren var alkoholpåverka og har teke blodprøvar.

– Me har fått indikasjonar på staden som gjer at me mistenkjer at det er alkoholpåverknad under køyring. Meir kan eg ikkje seia, seier Kolltveit.

Like over klokka 7 har politiet framleis ikkje identifisert mannen og har enno ikkje oversikt over kva som førte til ulukka.

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.

KOLLISJON: Ein bil køyrde i fjellveggen inne i Knappetunnelen like over klokka 3 i natt. Tunnelen opna for trafikk like over halv 8.

– Mannen hadde truleg høg fart. Me ventar enno på tilbakemeldingar, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i politiet.

Klokka 7.30 er tunnelen opna for trafikk, opplyser Vegtrafikksentralen. Då hadde tunnelen vore stengt sidan litt over 3 i natt.

– Statens vegvesen si ulukkesgruppe føretok nokre siste målingar i tunnelen, opplyser trafikkoperatør Jan Marøy.