– Blir ei styrking av trafikksikkerheitsarbeidet

Automatisk trafikkovervakingssenteret (ATK) på Hustad i Fræna mottar og behandlar saker frå fotoboksar over heile landet og har til no vore underlagt det lokale politidistriktet.

At senteret no blir underlagt utrykkingspolitiet betyr ei styrking av arbeidet, seier distriktsleiar i UP, Per Einar Hollum.

– Alt som har med trafikkarbeid å gjere skal samlast på ein hand og eg trur det blir ei styrking av trafikksikkerheitsarbeidet å få ATK-senteret inn under utrykkingspolitiet. Eg trur det blir veldig positivt for arbeidet, og ikkje minst dei som blir ein del av vår styrke og stab, seier han.

Størst skilnad for dei tilsette

Senteret har vore underlagt det lokale politidistriktet i over 15 år, men frå nyttår overtek UP ansvaret for senteret med til saman 25 tilsette. Hollum trur endringa blir størst for dei tilsette.

Per Einar Hollum, distriktsleiar i UP

Per Einar Hollum er distriktsleiar i UP.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg trur ikkje at omgivnadane vil merke det så mykje fordi ATK er noko som er der likevel. Det er meir dei som jobbar i systemet som vil merke forandringa, seier han.

Til no er det også Møre og Romsdal politidistrikt som har betalt for senteret. Dette ansvaret er det truleg UP som får no.

– Det med økonomi har truleg vore ein betydeleg del i samband med desse samanslåingsprosessane. Så den pakka følgjer nok med, seier Hollum.