Bonden i kamp mot kommunen – får fylkesveg rett gjennom tomta

Naturlandskapet med dei eldgamle eiketrea på garden til Ståle Sakseide må truleg vika når den nye fylkesvegen på Finnås på Bømlo skal byggjast.

Vegen, med gang- og sykkelsti, er ein del av utbygginga i «Bømlopakken».

For innbyggjarar mellom Sakseid og Kulleseidkanalen er vegvalet spesielt vondt å svelgja.

– Drifta står i fare

Den valde vegtraseen på fylkesveg 541 mellom Sakseid og Grutle vil gå hardt utover marka til gartnar og bonde Ståle Sakseide.

Den nye fylkesvegen kan koma til å øydeleggja tretti prosent av beitemarka hans. I tillegg er vegen tenkt å gå tvers gjennom naturlandskapet i Sakseidvågen.

Ståle Sakseide

GARTNERI: Store deler av beitemarka og område til gardbrukar Ståle Sakseide forsvinn. Det set også gartneriet i fare. Vekstgrunnlaget og veksttilhøva vert endra og reduserte, meiner han.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Viss vegen vert lagt der han er føreslegen, står sauedrifta vår i fare for å verta totaløydelagd.

Bonden og gartnaren på Bømlo er lei av å kjempa mot kommunen.

Sakseide veit at bygda treng ny veg, men meiner det finst betre alternativ.

– Prosessen som har føregått over fleire år, går på helsa laus. Me har vore positive til å avstå grunn, men me må finna løysingar både me og fellessamfunnet kan leva med. No vel ein den verst tenkelege løysinga.

Fleire husstandar mellom Kulleseidkanalen og Sakseid står i fare for å verta råka av vegplanane.

Odd Harald Hovland

VANSKELEG: Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) seier reguleringsplanen til bømlopakkeprosjektet Sakseid-Grutle er vanskeleg. – Uansett kva me vel er det folk som vert råka.

Foto: NRK

– Folk vert råka uansett

Kommunestyret i Bømlo skulle eigentleg ta endeleg stilling til vegtraseen i haust, men sidan rådmannen ikkje godkjende planane for eit anna området lenger sør, må heile planen sendast til høyring på nytt.

Kampen er med andre ord ikkje tapt, men rådmann i Bømlo, Geir Aga gjev ikkje Sakseid mykje rom for håp.

– Me legg først og fremst vekt på nye moment som kjem. Politikarane står fritt til å vurdera nye moment som eventuelt må koma.

Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) meiner denne delen er den vanskelegaste i Bømlopakken. Han meiner traseen som kryssar tomta til Sakseide er den beste løysinga.

– Dette er eit område der det er mange omsyn å ta, og kor det er gjort eit grundig forarbeid. Uansett kva løysing me vel, er det folk som vert råka, seier ordføraren.

Grete Rydningen Møgster

RASERING: Grete Rydningen Møgster budde i bygda Sakseid då ho var yngre. Ho klarar ikkje sjå på det ho kallar ei rasering av området.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– I slik saker er det alltid nokon som ikkje vil vera samde med planane, seier rådmannen, som meiner kommunen har strekt seg langt for å koma partane på Finnås i møte.

– Å verta høyrt betyr ikkje at ein får det som ein vil.

Håpar politikarane tek eit steg tilbake

No set Sakseid sin siste lit til at politikarane snur. Bonden har mist nattesøvnen og er uroa for at livsgrunnlaget står i fare.

– Lat oss finna ei løysing for framtida, både for folk og natur.

Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret i Bømlo i februar.