– Brutal avgjersle

188 tilsette i Telenor fekk i dag beskjed om at kompetansen deira ikkje lenger er naudsynt der dei jobbar.

Valet står no mellom å ta i mot sluttpakke eller flytte til andre stader. For dei 23 tilsette i Førde sin del, så er tilbodet å flytte til Rørvik i Nord-Trøndelag, 800 kilometer unna heimstaden.

– Vi tenkjer på dei tilsette og tykkjer det er ein mørk og trist dag for dei tilsette i Telenor som opplever det at arbeidsstaden deira blir lagt ned. Det er lojale medarbeidarar som har jobba lenge i Telenor og som har viktig kompetanse som bedrifta treng, seier Hege Ottesen til NRK.

Flyttar arbeidsoppgåvene

Ho er hovudtillitsvald for fagforeninga Negotia sine medlemer i Telenor Norge, og møtte dei tilsette i Førde i dag.

– Det er brutalt for dei tilsette å måtte flytte på seg og ha det som alternativ dersom du vil halde fram å jobbe for Telenor. Det vi i Negotia reagerer på er at arbeidsoppgåvene ikkje er borte, men blir flytta til ei anna avdeling. Det er ei kjempebrutal avgjersle.

– Har ikkje Telenor råd til å ha tilsette i Førde?

– Det argumentasjonen går på er at dei vil byggje opp sterke miljø andre stader og meiner at avdelinga i Førde er så liten at det ikkje vil vere prismessig rett å ha den her.

– Tek ikkje samfunnsansvar

Ottesen meiner at Telenor burde ta seg råd til å ha tilsette på mange stader i Norge også i framtida, særleg fordi teknologien gjer at dei kan jobbe frå kvar som helst.

– Vi tykkjer at dette ikkje er rett distriktspolitisk. Vi meiner at Telenor ikkje tek det samfunnsansvaret dei bør med å ha lokale avdelingar ute i distrikta.

– Det er vel ikkje slik at Telenor hadde gått konkurs dersom dei tilsette hadde fått lov å vere her?

– Nei, det ville dei ikkje. Det er min påstand.

Ottesen seier at dei tilsette i Førde opplever dette som ei bombe.

– Dei blei skikkeleg overraska og hadde ikkje sett dette kome. Mi oppleving er at dei er triste og leie, og spør seg om kvifor ikkje Telenor vil ha deira kompetanse. Eg forstår reaksjonane veldig godt.

Administrerende direktør i Telenor Norge, Berit Svendsen,

SJEFEN: Berit Svendsen er direktør i Telenor Norge.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Tett oppfølging

Administrerande direktør i Telenor Norge, Berit Svendsen, sa tidlegare i dag i ei pressemelding at mange tilsette har fått ein tung beskjed i dag.

– Dei skal no få tett oppfølging i den vidare prosessen. Det er inga lett avgjerd å leggje ned arbeidsplassar, men samstundes må vi fornye og endre kompetansen vår, sa Svendsen.