Bygde milliardflyplass uten å sjekke vinden

Innbyggjarane på øya er i harnisk. Dei har nytta store summar på å byggje hotell og annan turistinfrastruktur på den isolerte øya midt ute i det sørlege Atlanterhavet, i håp om at turistane skulle strøyme til med fly, melder den britiske avisa The Guardian .

Det einaste sambandet St. Helena, øya der keisar Napoleon enda sine dagar, har med omverda er postskipet RMS (Royal Mail Ship) «Saint Helena», som brukar fire til fem dagar på strekninga mellom Sør-Afrika og St. Helena.

Håpte på 30.000 turistar

Det er ikkje særleg freistande for turistar. Dei lokale styresmaktene på den britiske utposten hadde rekna med at den nye flyplassen skulle lokke 30.000 turistar i året. No ser det ut til at postskipet blir einaste transportmiddel til og frå øya i lang tid enno.

RMS Saint Helena.

RMS Saint Helena for anker utanfor Jamestown på St. Helena.

Foto: JEAN LIOU / Afp

285 millionar britiske pund, rundt tre milliardar norske kroner, kosta flyplassen, som stod ferdig i mai i år.

Det er gjort omfattande målingar av vindane på flyplassområdet, og målingane har konkludert med at dei raskt skiftande og kraftige vindane her, gjer at det er altfor farleg å setje i gang med kommersiell flytrafikk.

Mange har reagert på at dei lokale styresmaktene og den britiske staten ikkje sette i gang målingane før tre år etter at arbeidet på flyplassen starta.

Nei frå London

I 2011 var dåverande utanriksminister William Hague ein av pådrivarane for flyplass-prosjektet saman med blant andre statsråd for internasjonal utvikling Andrew Mitchell, ifølgje The Guardian.

Lisa Phillips er guvernør på St. Helena, utnemnd av den britiske regjeringa. Ho har gjort det klart at det ikkje blir snakk om at styresmaktene i London skal hjelpe privatpersonar som har satsa pengar på å byggje og modernisere hotell og restaurantar i håp om at det skulle kome tusenvis av turistar til øya.

William Hague gestikulerer mens han snakker

Dåverande utanriksminister William Hague var ifølgje The Guardian ein av pådrivarane for flyplassen på St. Helena.

Foto: SHAILESH ANDRADE / Reuters

Ho presiserer at dei alltid har fortalt innbyggjarane om den risikoen dei tok ved å satse på turisme.

Ikkje alle er heilt samde i dette, og dei 49 politikarane i den folkevalde forsamlinga på St. Helena, har bede om ei offentleg gransking av flyplassutbygginga.

Solen skinner fortsatt på imperiet – med litt hjelp

– Kven er ansvarleg?

– Kven var ansvarleg for godkjenninga av rullebana på flyplassen, utan først å gjennomføre dei naudsynte testane av vindforholda?, spør leiaren for økonomi- og utviklingskomiteen i forsamlinga, Henry Lawson.

No ser det også ut til at den britiske regjeringa skal måtte svare for det som har skjedd på St. Helena. Overhus-representanten Lord Foulkes (Labour) har kravd ei høyring i parlamentet om det som har skjedd.

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.