Dei har alle intensjonar om å forsvare gullmedaljane

Det meiner kaptein for Førde sine volleyballherrar, Mathias Loftesnes. Førre helg enda dei på tredje plass under ei eliteturnering i Rogaland. Kommande helg ventar ei ny turnering i Bergen for dei regjerande cup- og seriemeistrane.

Om knappe to veker er det serieopning med bortekampar mot Randaberg og TVN.

– Vi var ikkje nøgde med resultatet i helga, men vi fokuserte heller ikkje så mykje på resultata. Det blir viktigast når serien startar. Akkurat no må vi utvikle spelet vårt, seier Loftesnes.

Halvt lag må spelast inn

For det blir endringar i stallen også i år. Frå TVN har Førde henta Oskar Raftevold, Martin Olimstad og Jonas Hjelle van Weert. I tillegg blir libero Øystein Bergum ute med skade i lengre tid.

Ei ny servemaskin skal spare Førde sine volleyballspelarar for belastningsskader ved gjentekne servar. Maskina peprar ballar i opp til 140 km/t.

SJÅ VIDEO: I førre månad fekk Førde volleyballklubb maskina som kan spare dei for belastninga med gjentekne servar på trening. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Kantspelar Lars Fredrik Tvinde skal inn som oppleggar. Det betyr at også både ein libero og kantspelar må spelast inn til sesongstart.

– Det er eit halvt lag som må spelast saman. Men etter ei god oppkøyring med mykje trening, så byrjar vi å nærme oss. No er vi spente og klare for sesongen, seier Loftesnes.

Hektisk november

Mathias Loftesnes

SPENTE: Mathias Loftesnes seier spelarane merkar at sesongen nærmar seg. – Karane er veldig på på trening og klare for sesongstart. Det blir ein lang sesong med mange kampar, men vi gler oss, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde får spesielt ein tøff haust når dei for første gang går inn i ein sesong som regjerande serie- og cupmeister. Dette vil dei forsvare. I tillegg ynskjer dei å hevde seg i Nordisk Liga, ei turnering dei vann i 2011. Om ikkje det er nok, skal laget ut i europacupspel.

Det resulterer i ein hektisk november månad, med seriekamp heime mot Randaberg 5. november, heime- og bortekamp mot portugisiske Fonte Bastardo Azores i europacupen innan 24. november. Og innleiande runde i Nordisk Liga veka etter.

– Det blir nok kampar og kan fort bli ein avgjerande månad for resten av sesongen. Det er viktig å vere i form i starten, seier Loftesnes.

– Laga vil slå oss

Førde VBK er seriemeistrar

SERIEMEISTER: Tre månader etter at dei vart cupmeistrar, kunne Førde i april heve pokalen som seriemeister.

Foto: Frode Andersen

Som fjorårets dobbeltmeister kan fallhøgda bli stor, men Loftesnes både trur og håpar spelarane leverer varene.

– Eg trur vi har godt av det. Det blir tøffare og vi må vere på hogget frå starten av. Vi bli favorittar og det gir oss ekstra press. Samstundes må vi sikte på å gjere det like bra i år, og det trur eg vi skal klare, seier han.

– Kva blir den største utfordringa?

– Laga vil slå oss endå meir i år. I tillegg har vi eit hardt program med veldig mange kampar så vi må halde fokus. Det blir heller ikkje berre berre å halde oss skadefrie, seier han.