Denne NM-premien får ikkje støve ned

– Det er kjekt at dei kan få med seg noko som dei kan bruke, seier Laila Grov Finden.

Denne helga har heile Vik stått på hovudet i samband med NM i rulleski. Vel 1000 tilreisande har teke turen for å sjå kor gode nokon av dei beste i landet er med børsa på ryggen og rulleski på beina.

Ærefullt oppdrag

Saman med gullsmed Knut Mykkeltvedt har Laila Grov Finden fått ei svært så ærefull oppgåve i samband med NM. Nemleg utforminga av premiane.

Medan Grov Finden har stått for ideen, har Mykkeltvedt stått for arbeidet. Og når ein får arrangere NM er det ikkje noko kva som helst som skal bli delt ut til dei som tek gull, sølv og bronse.

– Sidan vi var så heldige å få NM til Vik, så måtte vi finne på noko som var litt lokalt, og som ikkje var likt noko dei har fått før, seier Grov Finden.

Skal ikkje bli gløymde og gøymde vekk

Som ung var ho sjølv ein ivrig skiskyttar. Premiar, pokalar og statuettar vart det mange av, men ingen av dei har vore spesielt minneverdige.

– Dei står framleis heime i skapet hos mor mi. Eg har ikkje henta dei endå, seier Grov Finden og seier ho difor kom på ideen om at premien skulle vere ein bruksting.

Ut av dette kom ideen om eit smykke, forma som ein skiskyttar. Dei siste månadane har det blitt jobba iherdig for å få smykka klare til meisterskapen.

– Det blir alltid litt ekstra arbeid på slutten, men no har dei godkjent dei, seier Mykkeltvedt og viser stolt fram smykka.

Laila Grov Finden og Knut Mykkeltvedt

STOLTE: Laila Grov Finden og Knut Mykkeltvedt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ring og hårnål

Smykka vart delte ut som premie til dei tre beste herrane og damene på sprinten laurdag. Der var det Marte Olsbu som sikra seg gullet, føre Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff.

På herresida kunne gullet ha gått til stryningen Johannes Thingnes Bø, men han vart diska fordi han gjekk feil. I staden var det Erling Aalvik som sikra gullet, føre Erlend Bjøntegaard og Aasmund Kjøllmoen Steien.

Også i dag har det blitt delt ut heilt spesielle premiar. Mennene fekk med seg ein av dei mest populære ringane i Norge, ein kopi av den kjente Steimsringen, som er frå eit gravfunn 300 år etter Kristus. Medan kvinnene fekk med seg ei hårnål til damebunad.

– Det er artig å få vere med å lage noko heilt spesielt, seier Mykkeltvedt.