Desse elevane må sitja ni timar på buss kvar helg

– Ingen av oss har sertifikatet enno, så me treng bussen for å koma oss heim, seier Birgit Fjærestad Hønsi (18).

Saman med Lillian Nummedal Bryn (17), Ragnar Finden (17) og Eirik Markus Rinde (17) går Fjærestad Hønsi på landslinja for skiskyting på Voss gymnas, men den komande vinteren kan dei fire ikkje lenger ta bussen mellom Vik og Voss. Frå 1. november til 1. mai blir nemleg direkteruta lagd ned.

– Det blir trasig. For å koma oss heim må me då via Sogndal, noko som tek opp mot fem timar, seier Fjærestad Hønsi.

Viktig for bedriftene og turismen

Bussturen mellom Vik og Voss tek i dag litt over ein time. Frå 1. november blir reisetida via Sogndal mellom fire og fem timar.

Skal elevane koma seg tilbake til Voss etter helga i Vik, går ingen bussar på søndagar, ifølgje ruteopplysninga «Kringom». Måndag går bussen 06.30 og er framme på Voss 10.35, godt uti den tredje skuletimen.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

OPPGITT: – Politikarane må hugsa på at vikjene har dei same vanlege behova for offentleg transport som alle andre innbyggjarar i Sogn og Fjordane, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik, leiar i Vik næringssamskipnad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ikkje godt nok at me står utan eit slikt transporttilbod halve året, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik, leiar i Vik næringssamskipnad og sjølv mor til éin av elevane.

Røyrvik meiner busskuttet råkar innbyggjarane, bedriftene og reiselivet i Vik:

– Me treng bussen når me skal vidare frå Voss med annan offentleg transport, som tog, og når me skal på Voss sjukehus. Det er òg uheldig at turistane ikkje finn veg inn til oss.

1,5 passasjer per tur

– Eg har forståing for at dette gjer kvardagen deira vanskelegare, seier fylkespolitikar Arnstein Menes (Sp).

Menes og fylkespolitikarane legg likevel ned bussruta, fordi Vikafjellet ofte er stengt om vinteren:

– Det er òg få passasjerar som brukar bussen, cirka 1,5 per tur i snitt om vinteren. Då må me sjå kritisk på kva med brukar pengane på.

– Er det rett å bruka passasjertalet som argument når folk gjerne planlegg å bruka andre transportmiddel når fjellet er ustabilt?

– Det er eit moment, men når fjellet er så ustabilt, er grunnlaget for dårleg til å køyra denne bussruta.

Arnstein Menes

LITE TRU PÅ OMKAMP: – Med ein så pressa økonomi som fylkeskommunen har, er ikkje forhåpningane så store, men me skal seriøst vurdera dei innspela som kjem, seier Arnstein Menes, medlem i samferdsleutvalet for Senterpartiet, det største partiet Fylkestinget.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Minibuss eller taxi

Kommunane kan koma med forslag til endringar i rutetilbodet i Sogn og Fjordane. Fristen er måndag.

Elevane ber politikarane finna ei løysing, slik at dei slepp å sitja ni timar på buss kvar helg for å koma seg heim.

– Dei kan setja inn ein mindre buss, iallfall på fredagar og måndagar, foreslår Eirik Markus Rinde.

– Dei burde iallfall setja inn ein taxi, slik at me kjem oss heim. Det er det minste dei kunne gjera, seier Lillian Nummedal Bryn.

  • Administrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune har så langt ikkje rekna ut kor mykje pengar dei sparar ved å leggja ned bussruta.