Desse skal kjempa om å bli «Superbonden»

På torsdag har NRK sin nye konkurranse-reality «Superbonden» premiere.

Gjennom åtte episodar skal me følgja ti bønder frå heile landet i kampen om å bli den beste og mest allsidige bonden.

Gjennom fleire konkurransar må dei visa at dei meistrar alt frå å manøvrera tunge maskinar, til å visa ferdigheiter i å handsama dyr. Deltakarane har vidt forskjellige bakgrunn, men har alle ein ting felles: Dei brenn for bondeyrket og dei er stolte over å vera med på å skaffa mat til bordet vårt kvar einaste dag.

Arne Martin Gomnæs

Arne Martin har tidlegare konkurrert i TRT (traktor, reiskap, tryggleik) og eksteriørbedømming av kyr. (For videoportrett – sjå under Eline)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Portrett av Hanne.

Hanne kallar seg Hanne Høne og driv med høglandsfe, skogsgris, hestar og høner. Ho sel økologiske Hannehøne egg til Norgesgruppen.