– Dette betyr veldig mykje for byen

– Vi får ein ny samlingsstad. Ikkje minst kan vi tilby noko for folk. Ikkje berre for folk i Flekkefjord, men for heile området. Vi kan tilby noko som er attraktivt og moderne, som vi ikkje har hatt før, seier kultursjef Marion Baum til NRK.

For to år sidan starta arbeidet med å bygge den nye storstova i sentrum. Men vegen til byggestart var lang.

Mange var kritiske til både plassering og til sjølve bygginga av huset til nesten 150 millionar kroner. No står huset der med blant anna teatersal, bibliotek, kino, kulturskule og fritidsklubb.

Intervju med kultursjef i Flekkefjord, Marion Baum, før opninga av kulturhuset Spira.

Sjå intervju med kultursjef Marion Baum.

– Ei stor, stor glede

– Det var eigentleg opplagt at vi måtte gjere noko for kulturavdelingane. Vi har hatt dårlege forhold. I staden for å renovere gamle hus var det veldig hensiktsmessig å bygge nytt slik at vi kunne samle alle, seier Baum.

Denne veka har det vore ei rekkje arrangement i det nye kulturhuset, men det er først laurdag kveld den offisielle opninga finn stad.

– Det er ei stor, stor glede. Eg er også litt overvelda fordi vi har hatt ei veke med arrangement der mange menneske kom og tykte det var fantastisk. Dette er heilt topp for Flekkefjord, seier ho.

Storsalen i kulturhuset Spira

Slik ser storsalen ut. Det er her opninga vil føregå laurdag kveld.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

– Det beste frå Flekkefjord

370 inviterte gjester fyller storsalen under opninga. Det heile startar med ei høgtidleg opning på utsida der ordføraren skal klippe snor og få overlevert nøkkel til bygget.

– Det er i rute. Eg såg teknikken kom ut her no. Det er eit godt teikn, seier programsjef Arne Skage jr.

Det er han som har ansvaret for opningsførestillinga. Han lovar eit variert program.

– Det blir ein meny med det beste frå Flekkefjord. Alt frå rock til samtidsmusikk, dans og alt mogleg, seier han.

Intervju med programsjef i kulturhuset Spira, Arne Skage jr., før laurdagens offisielle opning.

Sjå intervju med programsjef Arne Skage jr.