Dette blir det meir av i Aurland

– Seier, 3-0 til meg, tvert. Eg skal jaggu ofre helsa for å få det til i alle fall, seier senior-boksar Mario Midje Baltov.

Dette var forventinga til lokalhelten frå Aurland før han skulle i ringen mot Feras Sami Shehta Hamada frå Bergen Sparta. Det skulle syne seg å bli ein tøff kamp for Baltov.

– Eg er litt spent, han er høgre enn meg, så eg må nok gje alt, seier Baltov.

Dei yngre held ikkje attende

ENGASJERTE: Henrik Loftesnes (8) parrerar eit slag frå Are Gjernes (9). Begge er frå Aurland.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ny ring

Boksegruppa i Aurland idrettslag arrangerte i helga diplomboksecup for å innvie sin nye boksering. Blandt dei frammøtte var ordførar i Aurland kommune Noralv Distad (H).

Laila Soldal Bøe

STOLT: Bøe er stolt over kva boksemiljøet presterer.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Me har gått frå å berre ha det kjekt, til å bli veldig seriøse, seier Laila Soldal Bøe i arrangementskomiteen til boksegruppa.

– Boksemiljøet har vakse enormt dei siste åra, legg ho til.

Baltov er også glad for ein ny stad å trene. Han samanliknar overgongen mellom tregolv og ring som natt og dag.

– Det blir ein heilt annan treningskvardag, seier Baltov.

Ordførar i nevekamp

NEVEKAMP: Ordførar i Aurland kommune Noralv Distad (H) trådte sjølv inn for å utfordre Mario Midje Baltov før cupen byrja.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ivrige som berre juling

Baltov seier han er stolt over dei unge boksarane som no konkurrerar i diplomklassen.

– Dei fleste er rundt 13-14 år gamle, men dei er ivrige som berre juling, ler seniorboksaren.

– Eg med min skarve alder av 27 er nest eldst på trening, legg Baltov til, som også er småbarnsfar.

Baltov er håpefull for dei unge boksarane i klubben, og trur dei kan gjere det godt, dersom idrettslaget har same utviklinga som no.

Siger

SIGER: Baltov vann mot Hamada 3-0 slik han håpa.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Resultatet

Mario fekk det som han ville, og han sikra seg sigeren.

– Han gjorde god motstand, det var spanande, seier ein svett Baltov.

Kampen var hard og energirik. Baltov sin motstandar, Hamada gjekk i bakken heile to gonger.

– Han rusha inn med guarden nede, og så tok eg han med ein høgre hook i tinningen, seier vinnaren.

– Han er framleis ung, og om han blir i sporten, kjem han til å bli ein svært god boksar, legg han til.

Nede for teljing

NEDE FOR TELJING: Hamada måtte støtte seg to gongar under kampen, og dommar heldt på å blåse av.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK