Dødsfall på øy i Ryfylke – to menn pågrepet

Politiet blei varsla fordi helsepersonell på staden vurderte dødsfallet som mistenkeleg, opplyser politiet i Stavanger i ei pressemelding.

To personar (58 år) er siktet for grov kroppsskade eller medverknad til grov kroppsskade. Mannen som er død er også i 50-åra. Alle dei tre involverte mennene er busett i Tyskland.

Dei to mistenkte blir avhøyrt i løpet av dagen. Kva som har skjedd er foreløpig uklart opplyser politiet, som understrekar at dei er tidleg i etterforskingsfasen og lovar å koma tilbake med fleire opplysningar.

Arrestasjonen skjedde søndag

Det var klokka 0945, søndag morgon, at politiet melder at dei har arrestert to menn på 58 år, i samband med det som politiet kallar eit mistenkeleg dødsfall på Ombo i natt.

Operasjonsleiar Sølvi Didriksen Ravndal. i politiet i Stavanger,stadfestar at politiet reiste til Ombo for å undersøke hendinga.

– Me har mange mistenkelege dødsfall, og nokre er det større grunn til å undersøke nærare enn andre, seier Ravndal til NTB.

Gav beskjed til AMK

Det var ved 04-tiden søndag morgon at politiet fekk melding om dødsfallet frå AMK-sentralen ved Stavanger Universitetssjukehus.

Politiet stadfestar til Aftenbladet at det då var ein person som hadde varsla AMK om dødsfallet.