Dømd for vald 12 gonger – stakk kniv gjennom kameraten sitt øyre

Ifølgje ein fersk dom frå Sogn tingrett, er mannen tidlegare dømd 12 gonger for bruk av vald, åtte av desse gongene er han dømd for det retten kallar alvorleg valdskriminalitet.

Denne gongen måtte retten vurdere straff for at han søndag 15. mai i år stakk ein kniv gjennom det høgre øyret på ein annan mann.

I retten kom det fram at han og kameraten krangla om pengar, og at det var årsaken til at det enda med knivstikking.

Kameraten, som blei stukken med kniv, forklarte i retten at tiltalte trakk fram kniven, la handa på fornærma si venstre skulder og køyrde kniven gjennom øyret utan forvarsel.

Mannen blei i Sogn tingrett dømd for dette tilfellet av grov vald, men han blei også dømd for ei rekkje andre forhold. Mellom anna blei han dømd for å ha stole og køyrd mopeden til leiaren for Amfi Sogndal, Wilhelm Tangerud.

Retten la i sin dom vekt på at tiltalte er i ein livssituasjon der han forsøker å kome seg ut av rusmisbruk og kriminelle handlingar. Difor dømde dei mannen til samfunnsteneste, med særleg strenge vilkår.