Drøymetreff frå Berg då Glimt senka Sarpsborg

– Dette var ein meget bra kamp av oss frå start til slutt. Vi går ut i eit forrykande tempo, og får ei tidleg leiing etter fint spel, seier 18 år gamle Patrick Berg til NRK som presenterte seg med ei kanon i krysset kvarteret før slutt.

For søndag feira Bodø/Glimt 100-årsdagen med verdsrekord i sushi-servering.

Etter kvartfinalen mot Sarpsborg var det kanskje tid for russisk kaviar på menyen, ispedd ein dose Berg-nostalgi.

For russiske Vadim Manzon blei også den store helten då han sendte Bodø/Glimt eitt steg nærare Ullevaal.

I tillegg viste 18 år gamle Patrick Berg at han har arva skotfoten til bestefar Harald, pappa Ørjan og onkel Runar.

Klinisk avslutning

Den 20 år gamle kraftspissen frå Moskva senka Sarpsborg som ein russisk bjørn med to frekke mål før pause.

Den Gule Horde på Aspmyra stadion kunne juble allereie etter fem minutt. Og det såg svært så enkelt ut.

Sarpsborg hang ikkje med då særpingen Ole Jørgen Halvorsen nådde ballen nede ved dødlinja og fekk lagt inn. På første stolpe kom russiske Vadim Manzon. Spissen på utlån frå tyske Karlsruher styrte ballen enkelt i mål bak Sarpsborg-målvakt Arild Østbø.

Like før pause var han på plass igjen etter at Sarpsborg hadde ført kampen i nord.

Men ingen pressa Mathias Normann då han kom fram sentralt i bana. Den elegante Svolvær-guten breisida Manzon åleine gjennom. Avslutninga frå russaren var nok en gang klinisk og Bodø/Glimt kunne gå til pause med ei 2-0-leiing.

Halvorsen

MÅLGIVANDE: Særpingen Ole Jørgen Halvorsen var sentral då Bodø/Glimt senka Sarpsborg i kvartfinalen i cupen.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

Sarpsborg førte

For det var Sarpsborg som hadde festa grepet etter sjokk-starten på kampen. Fjorårets tapande cupfinalist (2-0-tap for Rosenborg) fekk trykka Bodø/Glimt bakover mot eigen 16-meter.

Det var nettopp eit kampbilde som opna opp for kontringar i motsatt ende for Glimt. Og når du har lynraske Trond Olsen så var det nettopp det som skjedde etter 37 minutt.

Mens Sarpsborg låg høgt traff Vadim Manzon Olsen med en ball i bakrommet. Men utrolig nok fyrte Olsen ballen over i møte med Østbø.

Like etter var det Sarpsborg sin tur, men Glimt-keeper keeper Simon Thomas fekk tuppa ballen over på avslutninga frå fem meter.

Berg

NY GENERASJON: Ein ny Berg er på gang i Bodø. Patrick Berg sørga for 3-0 til Bodø/Glimt med eit nydeleg skot frå 17 meter.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Berg-show

2. omgang blei ein morsom og underhaldande kamp. Sarpsborg heldt fram med å trykke Glimt bakover. Likevel var det gultrøyene som produserte dei største sjansane.

Først ved Ole Jørgen Halvorsen som valde å gå for kraft då han dundra ballen via keeper, tverrliggar og ut. Deretter fyrte Thomas Jacobsen av frå 17 meter, men ballen sneia utsida av stolpen.

Og så var det klart for Patrick Berg. Kvarteret før slutt tok han elegant ned ballen på 17 meter. Med høgrebeinet klinka han ballen i krysset bak Arild Østbø.

– Når eg får han ut i returrommet der så tenker eg berre skyt! Anten så går ballen i mål, eller så får vi avslutta angrepet. Eg følte det var riktig å skyte der, seier Patrick Berg til NRK.

Spesielt bestefar Harald og onkel Runar var kjent for sitt frykta skotbein. Ingen tvil om at sonen til Ørjan Berg har arva dei same genene.

Like før slutt satte innbyttar Joachim Osvold enkelt inn 4-0 etter ei kontring.

100 år og cupfinale?

Søndag blei 100-årsjubileet feira med brask og Brann med 3-1-tap for bergens stoltheit.

Kanskje blir det heller cupfinale i jubileumsåret for nordlands superlag som kjempar i botnstriden i eliteserien.

No er uansett cupvinnaren frå 1993 berre ein kamp unna ein ny finale på Ullevaal stadion.