Dugnaden gjer Hassan til ein del av bygda

Hassan Ali Hassan frå Etiopia let målarrullen glir over skyteskive nummer 18 og fyller kulegropene med ny kvit måling.

Den siste månaden har Hassan arbeidd dugnad kvar tysdag og søndag for å gjera Vik skisenter klart til norgesmeisterskapen i rulleskiskyting. Det har òg Omer Sulaiman frå Eritrea:

– Me har klipt og rydda graset langs løypene, og så får me snakka norsk, seier Sulaiman.

Intetrering skjer ikkje frå 08 til 16

Halwan Ibrahim

DUGNAD ER GOD INTEGRERING: – Me oppmodar til meir samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar, fordi me ser at dette gir betre integrering, seier Halwan Ibrahim, assisterande regiondirektør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Foto: NRK

Sulaiman, Hassan og andre flyktningar i Vik arbeider frivillig for at Emil Hegle Svendsen, Johannes Thingnes Bø, Tiril Eckhoff og dei andre skiskyttarstjernene skal få gode forhold når dei skal kjempa om sommar-NM-gull. Det gler Halwan Ibrahim, assisterande regiondirektør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi Vest):

– Frivillige organisasjonar gjer ein viktig jobb i integreringsarbeidet. Integrering skjer ikkje berre frå 08 til 16, men også i fritidsaktivitetar og foreiningsliv på ettermiddagen og i helgene.

  • I fjor kom over 31 000 flyktningar til Norge
  • I år skal norske kommunar busetja 16 000 menneske som har fått opphaldsløyve
Nazir Muslim frå Syria, Abousitta Kaboora frå Sudan og Bjartmar Rinde

SKRUR OPP NM-REKLAME SAMAN: Nazir Muslim frå Syria, Abousitta Kaboora frå Sudan og Bjartmar Rinde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Blir sitjande inne

Omer Sulaiman seier at fleire flyktningar blir sitjande heime etter norskkurset. Då blir det vanskeleg å læra seg språket, meiner han:

– Går du ut, møter du nordmenn, som hjelper oss å snakka.

– Dugnaden på skiskyttarstadion i Vik viser at flyktningane blir inviterte med, og at dei sjølve gjer ein innsats for å bli ein del av bygda, seier assisterande regiondirektør Ibrahim.

Mjølkekaker og kringle

I Vik har over 200 frivillige lagt ned eit stort gratisarbeid før NM. Ei av dei er Eva Vatle Skeie.

Eva Vatle Skeie

KOSTAR KLART TIL NM: – At flyktningane er med på NM-dugnaden håpar eg gir god integrering på sikt. Når me møter dei i sentrum og på arbeidplassane, helser dei blidt og slår av ein liten prat, seier Eva Vatle Skeie.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I over ti år har ho og dei andre i Vik kvinne- og familielag arbeidd for å innlemma innvandrarar og flyktningar i lokalsamfunnet. Sidan 2003 har dei skipa til faste «Bli kjende»-kveldar på skulekjøkenet i bygda, der kvinner frå ulike land har møttest til matlaging og sosialt samvær.

Vatle Skeie er glad for sjå flyktningane i NM-dugnadsgjengen:

– Eg trur dei set pris på å bli spurde, og me set stor pris på at dei er med. Midt i økta har me ei kaffistund med mjølkekaker, kringle og prat, slik nordmann plar gjera, og det likar dei godt.

Tilbake på standplassen skin skyteskivene kvite og nymåla i kveldssola. For Omer Sulaiman har dugnadsarbeidet blitt endå eit lite steg på vegen til å bli ein del av bygda i Sogn – også i matvegen:

– I førre veke åt me kake og drakk kaffi etter grasklippinga. Me snakka saman, og det er veldig godt for oss.

Omer Sulaiman frå Eritrea, Hassan Ali Hassan frå Etiopia, Elnayer Kabbashi Elnayer frå Sudan

DUGNADSGJENG: Omer Sulaiman frå Eritrea, Hassan Ali Hassan frå Etiopia og Elnayer Kabbashi Elnayer frå Sudan måler skyteskivene før NM i rulleskiskyting i Vik

Foto: Noralv Pedersen / NRK