– Eg er kjempeletta og glad

42 år gamle Kathrin Kobbevik i Sula på Sunnmøre fekk påvist uhelbredeleg lungekreft for to veker sidan. Småbarnsmora kjempar for å få best mogleg behandling slik at ho får sjå dei tre barna sine vekse opp. I dag vedtok Beslutningsforum for nye metodar at immunterapi mot «ikkje små-cella lungekreft» skal dekkast av det offentlege.

– Dette betyr enorm mykje for meg, Kanskje får eg leve lenger og følge opp dei tre små barna mine, seier Kathrin Kobbevik. Ho er kjempeletta og glad.

Har alltid levd sunt

42-åringen jobbar som folkehelsekoordinator i Ålesund kommune og har i alle år vore opptatt av sunnheit og helse. At ho som aldri har røykt før og alltid levd sunt, skulle bli ramma av lungekreft, kom som eit sjokk. Etter at ho fortalde historia si til NRK har ho fått enormt med støtteerklæringar.

– Det må vere positivt også for samfunnet at ei mor kan følge opp barna sine lengst mogleg. Kanskje kan eg til og med jobbe igjen, seier Kobbevik.

Steinar Lied og Kathrin Kobbevik

Det har vore tøffe dagar for Steinar Lied og Kathrin Kobbevik etter at dei fekk sjokkbeskjeden.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Gjennombrot i kreftforskinga

Immunterapi blir sett på som eit gjennombrot innan kreftforskinga. Behandling skal stimulere immunforsvaret til å ta livet av kreftcellene. Om lag 700 lungekreftpasientar kan ifølge metodevurderinga ha nytte av medisinen Keytruda. Frå før av er immunterapi godkjent for føflekkkreftpasientar.

Professor og klinikksjef ved Oslo Universitetssjukehus, Sigbjørn Smeland, seier at behandlinga ikkje er ein mirakelkur, men at den kan vere livsforlengande.Han seier at lungekreftpasientar i snitt kan få forlenga livet med to månader, men enkelte kan overleve lenge.

Feirar med lekser

Kathrin Kobbevik håper at ho er ein av dei som kan ha nytte av behandlinga.

– Eg er klar over at det ikkje er ein mirakelkur, men det finst så mange andre behandlingstilbod og dette kjem på toppen. Alt som kan forlenge livet er positivt, seier småbarnsmora.

Feiringa av vedtaket blir gjort saman med familien og lekselesing med barna.