– Eg fekk valet mellom å jobbe for dei, eller få familien min drepen

Mikael sit i ein sofa i eit roleg bustadområde der småbarnsfamiliar leikar ute i hagane. Stasjonsvognene med barnesete og skiboksar på taket rullar sakte forbi langs ein grusveg. Av frykt for represaliar ønsker han ikkje at hans bustad og etternamn skal offentleggjerast.

– Eg hadde aldri trudd at dette kunne skje med meg her i Norge. At Russland sine agentar skulle kontakte meg, prøve å rekruttere meg, mishandle familien min og sende agentar på døra mi her, fortel Mikael og peikar på den brune ytterdøra.

Fleire vitne NRK har intervjua har overhøyrt telefonsamtalane Mikael fekk.

Sjå historia om Mikael og høyr nokon av samtalane med russisk etterretning her:

– Forsøkt verva av FSB

Ein av dei er Aage Borchgrevink, seniorrådgivar i menneskerettsorganisasjonen Den norske Helsingforskomitè:

– Mikael var på kontoret mitt og sette telefonen på høgtalar. Det ringde ein mann frå eit russisk nummer. Han kalla seg Maksim og sa han var major i FSB. I samtalen som følgde verka dette som eit vervingsforsøk. Han ønska kontakt med Dokka Umarov, som på den tida var leiaren av geriljaen i Tsjetsjenia og eit viktig mål for FSB, fortel Borchgrevink. Han legg til:

– Slik kontakten var, kom det opplagde truslar mot Mikael og familien hans.

– Korleis veit du at det var FSB som ringde?

– Det er dokumentert så godt det lar seg dokumentere, med sms, loggar frå chat, epostar og at han blei ringt opp då eg var der. Eg kan ikkje vite dette sikkert, men dette ser ut som eit genuint forsøk på å verve han. Det er ei vurdering eg gjer ut frå at eg kjenner til korleis dette fungerer frå andre saker. I tillegg har vi undersøkt saka til Mikael, og fått stadfesta deler av historia hans. Vi har hatt andre klientar som har vore forfølgt av russisk etterretning. Ein av dei blei skoten på gata i Wien i 2009, fortel seniorrådgjevar Borchgrevink.

– Ikkje spanande tema for oss

NRK har kontakta den russiske ambassaden om dei ønska å stille til intervju og kommentere saka. 1. ambassaderåd Andrey Kolesnikov svarar dette på e-post til NRK:

«Etter våre observasjonar dukkar «spion-temaet» opp kvar gong når det negative ordforrådet om Russland tørkar ut. Vi har allereie kommentert liknande saker før og det er ikkje spanande for oss å kome tilbake til dette temaet. Men vi kjem gjerne tilbake til positive tema om de finn anledning til å utforske desse».

(Saka fortset under bildet)

Trua familien

Det er lite som minner om krig der Mikael sit i ein sofa med barneleiker liggande på golvet rundt han. Men i fire år var kvardagen til Mikael skog, fjell og partisankrig. Han var geriljasoldat og kjempa for tsjetsjensk sjølvstende frå Russland. I 2009 flykta han til Norge og trudde med det at krigen var over for han, for godt:

– Medan eg reiste til i Norge var mor mi, far min og veslebror min igjen i Tsjetsjenia. Plutseleg fekk eg telefonar frå russisk etterretning, FSB. Familien min blei mishandla og banka opp, og dei ville tvinge meg til å bli agent. Eg fekk ein kode som eg skulle ta med meg til den russiske ambassaden i Oslo. Dette var ein veldig vanskeleg situasjon for meg. FSB gav meg valet mellom å jobbe for dei, eller få familien min i Tsjetsjenia torturert og drepen, hevdar han.

– Mor di blir glad

Mikael blei kontakta på telefon frå russiske nummer, e-post og Skype. Alle gongene var det ein mann som kalla seg Maksim Krotov og som sa han jobba for FSB. Mikael gjorde opptak av samtalane og har teke vare på epostane og tekstmeldingar. I ein e-post han fekk 5. mai 2010 blei det åtvara om at både Mikael og hans mor hadde interesse av at han skulle samarbeide med FSB:

“Mika, eg trur vi allereie har fått stor respekt for kvarandre. Om vi samarbeider, vil du kunne leve eit normalt liv. Du treng ikkje å skjule deg for nokon. Det vil alle glede seg over, spesielt mor di. Det vil ikkje bli noko kriminaletterforsking. Om du ikkje vil samarbeide, kan du reise tilbake, slik som eg sa under møtet vårt. Men, etterpå vil eg leite etter deg verda over. Og, du kjem til å bli plaga av tanken på at alt er så vanskeleg heime. Du må heile tida skifte dokument og rundt deg blir alt vått og kaldt. Det vil eg ikkje, og det er noko du ikkje fortener”.

Mikael fortel at mannen som sa han heite Maksim Krotov møtte familien hans:

– Det er fleire ting som gjer at eg veit at dette faktisk er FSB. Eg fekk tilsendt bilete av meg sjølv frå skogen, av Maksim Krotov. Dette er bilete berre vi i geriljaen eller FSB har. Etter at familien min blei arrestert, mishandla og trua i Tsjetsjenia kom ein mann inn på den lokale politistasjonen der familien min sat. Han fortalde til familien min at han heiter Maksim Krotov, kom frå Moskva, jobba i FSB og var interessert i informasjon om meg, seier Mikael.

Aage Borchgrevink i Den Norske Helsingforskomité stadfestar at han såg mailen med bilda Mikael fekk tilsendt frå Maksim Krotov.

Ville møte han i Norge

Medan Mikael var i skogen i Tsjetsjenia kom han tett på ein av opprørsleiarane, Dokka Umarov. Umarov var på denne tida øvst på lista over ettersøkte i Russland:

– Fordi eg kunne både foto, video og ein del om datamaskiner blei det mi oppgåve å ta bilete og filme Umarov og å publisere dei på nettet. FSB sine agentar var og er interessert i meg fordi dei trur eg har mykje informasjon om opprørshæren, fortel Mikael.

I lydopptak frå 2010 kjem det fram at mannen som kalla seg Maksim Krotov først prøvde å overtale Mikael til å reise frå Norge til Moskva. Mikael fortalde han ikkje kunne reise ut av Norge grunna manglande dokument. Då fortalde mannen som kalla seg Krotov at han ønska å kome til Norge for å møte han i Oslo. Formålet var å gje Mikael det Krotov kalla utdanning. NRK har fått tilgang til opptaka og dette er eit utdrag:

Krotov: – Ja, du kan få utdanning her hos oss. Og eg besøker deg der (Oslo, red anm). Så du får førebu deg.

(…)

Krotov: – For at vi kan komme dit trygt og roleg. Møtes der og slappe av litt. Sjå på attraksjonane. For at ingen skal uroe oss. Så kan du vise meg rundt i Oslo.

(Saka fortset under bildet)

– Lova jobb og store pengar

Mikael fortel at samtidig som Maksim Krotov kontakta han, blei familien hans i Tsjetsjenia arresterte fleire gonger. Etter at dei slapp fri blei dei konstant overvaka av tsjetsjensk politi:

– FSB gav meg i realiteten valet om å kunne redde familien min frå tortur og drap med å gje dei informasjon. Om eg samarbeida med FSB ville det kunne føre til at venene mine i partisangruppa i skogen blei drepne. Krotov prøvde å lokke meg med at eg skulle få åtte millionar euro og i tillegg ein god jobb, fortel Mikael.

I eit opptak av ein telefonsamtale lovar Krotov at Mikael skal få jobb:

Krotov: – Om du blir ferdig med utdanninga, så… Folk der blir rike. Får seg eit yrke.

Krotov: – Du. Høyrer du?

Mikael: – Ja.

Krotov: – Tenker du på arbeidet?

Mikael: – Ja, etter den høgare utdanninga.

Krotov: – Sjølvsagt. Kor du vil. Gjerne i eit anna land om du vil. Om du utdannar deg skikkeleg. Og får eit yrke. Du kan få rett til å jobbe i internasjonale selskap. Det er jo ikkje noko problem. Det viktigaste er å gjere det bra på skulen.

Mikael: – Gazprom – gjerne for meg. Direktør. Nei, eg berre fleipar.

Krotov: – Der har vi folk. I olje og gass. He he.

– Prøvde seg med skjult kamera

Krigen i Tsjetsjenia blir med eitt meir enn eit fjernt minne, i det Mikael sittande i sofaen høyrer på eit lydopptak av ein samtale med mannen som kallar seg Krotov. Han får eit alvorleg drag over ansiktet og kjeven hans knyter seg i det han høyrer lyden av stemma til mannen:

– Krigen som er fleire tusen kilometer unna, kom plutseleg veldig mykje nærare. Ein dag banka det på døra mi her, fortel Mikael og nikkar i retning ytterdøra. Han seier at han blei sjokkert over besøket:

– Utanfor døra mi stod ein tsjetsjensk mann eg visste kven var, men som eg ikkje hadde hatt kontakt med på fleire år. Eg veit han hadde blitt tatt av FSB etter han reiste ut av Norge. No stod han på døra mi og ville opprette kontakt igjen. Han spurte svært mykje om kva eg jobba med, kven eg har kontakt med i Norge og i Tsjetsjenia og om eg hadde planer om å vere politisk aktiv, fortel Mikael.

Ein ven av Mikael som ønsker å vere anonym var til stades då den tsjetsjenske mannen kom på døra:

– Mikael la ikkje merke til det i starten, men mannen tok fram eit lite kamera og filma og tok bilde av Mikael medan han snakka. Han gjorde dette skjult. Dette var ikkje eit vanleg kamera som du kan kjøpe i butikken, det var ein annan type som eg ikkje har sett før, fortel vitnet.

Han ønsker å vere anonym, fordi han fryktar represaliar mot familien hans i Tsjetsjenia.

Valet mellom familien eller venene

Mikael plukkar opp telefonen sin frå sofaen. Denne gongen er det ikkje Krotov som ringer:

– Det var veslebror min. Han er 13 år og skal begynne på boksetrening snart, fortel Mikael og smiler. I treningsbaggen til Mikael ligg det eit par godt brukte boksehanskar. Grunnen til at Mikael smiler, er at han fortel at han slapp å ta valet FSB prøvde å tvinge han til å ta:

– Familien min lever og har det bra. Dei har det veldig godt og dei bur her i Europa. Eg gav aldri så mykje som eit komma av opplysningar til FSB. Det eg gjorde var å halde kontakten med FSB, utan å gje dei noko som helst anna enn lovnaden om samarbeid. Samtidig som eg gjorde dette, greidde eg å få familien min smugla ut av Tsjetsjenia og til tryggleik, fortel Mikael.

Tek avstand frå vald i dag

Opprørsleiaren Dokka Umarov tok blant anna på seg ansvaret for sjølvmordsbombinga av Moskva-metroen i 2010. 39 sivile døde i terrorangrepet. Mikael fortel han heile tida var imot angrep på sivile:

– Då eg blei med i 2005 var det ikkje snakk om noko kalifat eller emirat i Kaukasus, og eg og gruppa tok heile tida avstand frå angrep på sivile. Dokka Umarov blei meir radikalisert med tida og etter eg slutta. Ein av grunnane til at eg gjekk ut i 2009, var at Umarov signaliserte at han meinte at angrep på sivile var legitimt. Det kan eg aldri leve med, fortel Mikael. Han understrekar at han er i mot bruk av vald og militærmakt:

– Eg har sett mange av mine nære vennar døy og veit alt for godt kva lidingar krig medfører. Eg trur ikkje på væpna kamp som rette vegen for å få eit fritt, uavhengig og demokratisk Tsjetsjenia.

Ny kontakt

Etter at Mikael fekk telefonar og epostar frå Russland følte han seg så utrygg at han kontakta Politiets tryggingsteneste:

– Det er klart at eg har vore redd og at dette har vore svært ubehageleg for meg. Dei har ikkje gløymd meg og eg har blitt kontakta på nytt, fortel Mikael og viser ein chatlogg frå Skype.

Den er datert 24. oktober 2015. Der står det på russisk spørsmål om kvar han er no og kven han har kontakt med i Norge og Tsjetsjenia. Personen som skriv til Mikael seier han bur i utlandet og spør om Mikael kunne tenke seg å reise til Syria:

– Han her var også i skogen, men eg veit han seinare har blitt tatt av FSB og samarbeider med dei. Alle veit at det er heilt uaktuelt for meg å reise til Syria. Eg kjempa for eit demokratisk og uavhengig Tsjetsjenia og har teke klar avstand frå alt som har med eit kalifat i både Tsjetsjenia, Syria eller resten av verda. Dette er noko alle veit. At dei no kontaktar meg, viser at dei ikkje har gløymd meg, seier Mikael og kastar eit blikk mot ytterdøra. Den er låst, i motsetning til mange andre i dette nabolaget som aldri låser dørene sine.

– Grunnen til at eg står fram og fortel mi historie er at eg ikkje ønsker at desse autoritære og farlege kreftene skal få fotfeste i det norske samfunnet. Det er farleg for meg å stå fram og fortelje det eg har opplevd, men for meg er det viktig at folk reiser seg opp mot urett og undertrykking. Det som skjer i Tsjetsjenia, må aldri kunne skje her i Norge. Lever vi i tausheit, lever vi i frykt.