Energiministeren varslar lågare nettleige

Straumkundar i Sogn og Fjordane betaler meir i nettleige enn elles i landet, og dette har provosert mange i fylket. No seier energiministeren at det ikkje skal halde fram slik.

– Det blir lågare kostnad for kraftprodusentar å kople seg på nettet, og det tyder på lang sikt at vanlege kundar i Sogn og Fjordane kan få lågare nettleige.

Det sa olje- og energiminister Tord Lien i dag då han tala på konferansen Kraft i vest, på Sandane.

Det som no kan endrast er tariffane som dei lokale kraftprodusentane betaler inn til det regionale nettet. Desse vert kalla «innmatingstariffar», og i dag blir dei sendt oppover til sentralnettet. Tord Lien antyder no at innmatingstariffane heller skal bli att i regionen.

Dette meiner ministeren vil gi lågare utgifter for kundar og produsentar.

– Dei store kraftressursane i denne regionen kjem heile Norge, og potensielt òg nabolanda våre tilgode, då er det urimeleg at heile rekninga for det skal belaste straumkundar og produsentar i denne regionen, seier han.

Tord Lien og Johannes Rauboti

IKKJE HEILE LØYSINGA: Johannes Rauboti (t.h.) og SFE er glad for forslaget til Tord Lien (t.v.), men meiner problemet ikkje kan løysast med innmatingstariffar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ikkje eit løfte

Éin av grunnane til at nettleiga er høgre for kundar i Sogn og Fjordane enn andre stadar i landet, meiner energiministeren er lokalt bestemt.

– Det er mange grunnar til at nettleiga er høg i Sogn og Fjordane, mellom anna at ein har valt å organisere eigarskapet til nettet i så mange ulike nettselskap. Det er ei beslutning som er tatt i Sogn og Fjordane.

Endringa Tord Lien snakka om er ikkje eit politisk løfte, men ei mogleg løysing som no skal utgreiast. Norges vassdrags- og energidirektorat skal no sjå på korleis dei kan endre på dette, og vil presentere ei løysing for departementet før jul.

– Dersom dette kjem på plass, vil lågare nettleige bli konsekvensen, seier Lien.

Saknar utjamning

Johannes Rauboti i SFE meiner det er eit positivt signal energiministeren kjem med, men peiker samstundes på at den høre nettleiga i Sogn og Fjordane handlar om meir enn innmatingstariffar.

– Vi har ein region som produserer meir fornybar energi enn vi forbruker. Det krev eit sterkt nett for å få produksjonen ut til det nasjonale og internasjonale nettet, og den rekninga har til no blitt sendt til kundane i vår region, seier Rauboti.

Han etterlyser difor ei ordning som kan jamne ut nettkostnadane i resten av landet, slik at kundane her skal sleppe å betale meir for å forsyne til straumnettet.

– Så det han kjem med er positivt, men berre ein liten bit av ein større og ganske kompleks problemstilling.