Erkjenner straffskuld etter knivstikking

Mannen er sikta for grov kroppsskade etter hendinga i måndag 1. august. I dag samtykka mannen til ytterlegare fire veker i varetekt. Han erkjende også straffskuld etter siktinga, ifølgje rettsavgjerda frå Fjordane tingrett.

Politiet har vurdert å endre siktinga til drapsforsøk.

– Det er eit tema vi må ta stilling til. Målet er å ta ut tiltale i løpet av den neste firevekersperioden, seier lensmann Kåre Jan Hofrenning ved Høyanger lensmannskontor.

Nytt avhøyr

Ein mann i 20-åra vart sendt til sjukehus i Førde med minst fire stikkskadar etter hendinga. Begge dei to involverte er asylsøkjarar. Det var fleire vitne til episoden. Mannen var rusa då knivstikkinga skjedde.

Utover at partane har ulike forklaringar, og at den sikta har forklart at det skal vere ei forhistorie til hendinga, vil ikkje Hofrenning gå i detalj på kva som skal ha skjedd.

– Vi ventar på tilbakemeldingar på tekniske undersøkingar og skal avhøyre den sikta ein gong til. Fakta har ikkje endra seg under etterforskinga, seier lensmannen.

Fryktar rømming

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med forsvararen til den sikta. Retten meiner at mannen kan prøve å unngå å bli straffeforfølgd om han blir lauslaten.

Ettersom mannen risikerer ei lengre fengselsstraff dersom han blir funnen skuldig, er det heller ikkje fare for oversoning.

Politiet kan no halde mannen i varetekt fram til 24. oktober.