Erling står på for at Tarjei og Emil skal få kjempa om NM-gull

– Det er blitt mange arbeidstimar. Berre i dag er dette tur nummer to frå Vangsnes og hit, seier Erling Berge medan han drillar inn ein skrue, og endå eit reklameskilt er på plass på Vik skisenter på Kålsete, åtte kilometer sør for Vik sentrum.

Berge er éin av over 200 frivillige som har gjort alt klart før norgesmeisterskapen i rulleskiskyting i sognebygda i helga. Tarjei Bø, Tiril Eckhoff og Emil Hegle Svendsen er berre tre av dei som skal kjempa om NM-gulla:

Flatland i Sotsji-OL

COMEBACK PÅ HEIMEBANE: Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vangsnes stiller på startstreken i NM i rulleskiskyting.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

– Med god dugnadsinnsats er anlegget blitt slik eg likar å ha det, seier Berge, som i mange år har vore ein slags vaktmeister på skisenteret, som er blitt bygd opp dei siste femten åra.

Berge fyrer opp ATV-frihjulingen for å henta meir material. Rundt han kryr det av frivillige som måler skyteskivene, ber benkar, klakkar ned stolpar, testar høgtalaranlegg og mykje anna.

Stort løft

Etter at Vik idrettslag fekk tildelt norgesmeisterskapen i fjor vår, er det blitt gjort fleire store krafttak:

  • Standplassen er bygd ut til 31 skyteskiver. Det er eit krav for å husa eit arrangement som NM. Utbygginga betyr at idrettslaget òg kan arrangera vintermeisterskap.
  • Det er installert eit flunkande nytt tidtakarsystem. Mellom anna er kablar lagde ned i røyr under asfalten, slik at antennene enkelt kan setjast opp for å registrera start, mellomtider og målpassering. Tidtakarsystemet er grundig testa ut mellom anna på Esefjorden Rundt, Suten Opp og Balestrand Opp.
Trude Undebakke

ROSAR DEI FRIVILLIGE: – Eg har aldri opplevd maken til dugnadsinnsats, seier Trude Undebakke, leiar i skiskyttargruppa i Vik idrettslag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dugnadsinnsatsen har vore heilt fantastisk – og heilt avgjerande for greia det store løftet som ein norgesmeisterskap er, både praktisk og økonomisk, seier Trude Undebakke, leiar i skiskyttargruppa i Vik idrettslag.

– Kva kostar NM?

– Det er eit tal med mange nullar bak, og me hadde ikkje makta det utan mange flotte og velvillige verksemder i nærmiljøet som er sponsorar.

Yrande liv

Borte på standplassen durar aggregata. Der arbeider Frode Voll, som har vore med å organisera all dugnaden.

– Det har berre vore moro, seier han.

Frode Voll

HÅPAR PÅ FINT VÊR OG MYKJE FOLK: – Då blir her eit yrande liv, seier Frode Voll, som har vore med på å organisera alle dugnadsfolka.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kva er grunnen til at du legg ned ein så stor innsats utan å få att ei krone?

– Det er artig å få eit slikt arrangement i bygda. Og det betyr ikkje minst mykje for dei mange unge, som trivst her på Kålsete både sommar og vinter.

Intim arena

Like ved kostar Eva Vatle Skeie vekk tomme kulehylster. Ho har dei siste månadene mobilisert ein stor gjeng med pensjonistar, som har vaska skihytta, drive med vedlikehald og slege graset langs løypa, mellom mykje anna.

Mathias og Mads Are Skagen

DUGNAD: Mads Are Schrøder Skagen klakkar fast stolpen før reklameskilta skal skruast fast.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er kjekt å vera med. Eg har barnebarn som har vore aktive, og dottera mi er med i hovudkomiteen. Me brukar skianlegget heile vinteren, så me vil gjerne vera med å hjelpa til når det trengst, seier Vatle Skeie.

Vik skisenter er kjent for å vera ein intim arena, der publikum kjem tett på standplass, slik at dei nesten står oppå dei som skyt. Undebakke håpar difor at mange skodelystne tek turen:

– Me gler oss masse. Dette blir ein folkefest.