Evakuerer fire bustader etter at mur rasa ut

Politiet fekk meldinga klokka 7.15 i dag tidleg.

Den utrasa natursteinmuren går delvis over ein gangsti som born på veg til skule og barnehage nyttar. Området er sperra av. Politiet valde etter kvart også å evakuera eit bustadhus.

Natursteinmuren skal ifølgje politiet vera stor og fungera som fundament for busetnad.

– Me valde å evakuera eit bustadhus med fire bueiningar. Med tanke på dei store nedbørgsmengdene som er meldt, er me usikre på om det vil rasa meir, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Bergen kommune og politiet er framleis på staden.