Ex-Viking hindra poeng til Stavangerklubben

– Den jævla Østbø!

Innhaldet i Viking-trenar Kjell Jonevret sin kommentar etter kampen, var verre enn tonen det blei sagt i. Og han tok seg raskt inn igjen.

Kjell Anders Jonevret

Vikingtrenar Kjell Jonevret tok tapet mot Sarpsborg med fatning.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Sarpsborgkeeperen hadde ein feberredning i første omgang. Og også elles var Arild trygg og god i mål. Han gjorde ingen tabbar, men me gjorde det kanskje litt lett for han, undrar Jonevret etter 1-0 tapet, laurdag ettermiddag.

Matchvinnaren

– Det var ein matchavgjerande redning. Det kan eg vera enig i.

Dette seier Arild Østbø. Han kom frå Viking til Sarpsborg etter fjorårssesongen. Då opplevde han at Iven Austbø hadde overtatt førstekeeperplassen i Viking og han måtte flytte på seg for å få speletid.

Arild Østbø

I 2013 var Arild Østbø også landslagskeeper på U-21 laget.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Laurdag ettermiddag varta han opp med to flotte redningar i den gode perioden til Viking mot slutten av første omgang. Den eine kom på eit skott frå svært kort avstand.

– Det var rein refleks. Eg hadde ikkje trent på den der. Men det var godt å få opp armen på returen, etter ein dårleg førsteavklaring, seier Østbø.

Blei tatt “på senga”

Det er ein nøktern Kjell Jonevret som oppsummerar 1-0 tapet i Sarpsborg. Han meiner at heimelaget tok ein sjanse og gjekk ut på ein “suicidal” måte.

– Det var svære rom for oss i starten, men me klarte ikkje å utnytta dei, vedgår Jonevret.

Etter fem minutt kom kårneren, som førte til det einaste målet.

– Den kårnervarianten har Sarpsborg brukt i tre år, så me visste kva som kom. Likevel klarer me ikkje å hindra målet, seier ein oppgitt Vikingtrenar.

Andre omgangen skildrar han som “heilt forrykt”, med mykje diskusjon om dommaravgjerder og andre rare ting som skjedde på grasmatta.

– Sjølv om me har ballen 65% av tida så får me ikkje mål. Og slik er det ofte for Viking denne sesongen. Når motstandaren legg seg bakpå, så slit me med å koma gjennom, seier Jonevret.

Finfin middag for Østbø

Arild Østbø byrja som førstekeeper i Viking sist sesong. Den plassen tapte han til Iven Austbø etter eit par tabbar og usikkert spel.

Han er ikkje bitter for det som skjedde, men vedgår at dagen i dag er eit plaster på såret.

– Det er to kampar som er spesielle for meg denne sesongen. Det er dei to mot Viking.
Eg ønskjer verkeleg Viking alt godt, men akkurat i dag var det godt å slå dei, seier han.

Faren til Sarpsborgkeeperen er med i støtteapparatet til Viking og er på plass i Østfoldbyen.

– Nå skal me ha oss ein middag i lag, og så får eg høyre kva han har å seie, avsluttar Østbø.