Fare for mykje vind og jordskred

Det er meir ruskever i vente i store delar av landet, med både vind og nedbør.

Statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet, Trond Torsteinson, kallar onsdagens ver haustleg og store delar av Vestlandet vert søkkvått. Dagen byrjar med kuling langs kysten. I fjellet i Sør-Noreg blir det stiv kuling utsette stader og snøbyger i høgda. Nord i Møre og Romsdal og i Trøndelag aukar vinden på i ettermiddag.

– Det kan bli sterk kuling og kanskje ein liten storm, seier Torsteinson.

Fare for flaum

NVE har sendt ut varsel om flaum og jordskredfare på Vestlandet på grunn av mykje nedbør. Fleire vassdrag har stor vassføring etter mykje nedbør på tysdag. På torsdag er det venta store mengder lokalt nedbør over store delar av Vestlandet.

NVE har heva faregraden frå to til tre, og melder at situasjonen er følsom både for temperatur og nedbørsmengder.

– Oransje varsel må ein ta på alvor og reinske rister og kulverter og sjekke at vannvegar er opne. Dette kan gi store, lokale utfordringer, seier Brigt Samdal, regiondirektør i NVE.

Brigt Samdal, regionsjef NVE

Brigt Samdal i NVE ber kommunar og private ta flomvarselet på alvor.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Sikre lause gjenstandar

Det er også viktig å sikre lause gjenstandar.

Då Åge Karlsen, som er røykdykkar i Hareid brannvesen på Sunnmøre, skulle hente sonen på speideren i går kveld, møtte han ein trampoline midt i vegen. Det var sterk vind med kraftige vindkast.

– Eg måtte køyre i grøfta og rundt trampolinen, fortel Åge Karlsen. Han har lang erfaring med å rykke ut når det ligg tre og andre ting i vegbanen. No oppmodar han folk om å feste trampolinene, før dei endar slik som gårsdagens trampoline gjorde.