Fjord1 ser ikkje vekk frå at det skjer igjen

Då MF Årdal fekk tekniske problem på sambandet Anda – Lote, henta Fjord1 MF Vågsøy frå Måløy – Oldeide.

Ei ferje som tek 42 personbileiningar, mot MF Årdal sine 92.

– Det er klart at det blir noko lengre køar når ein set inn ei mindre ferje. Det kan nok ha vore noko kaotisk, spesielt på Lote-sida der oppstillingsplassen er veldig liten og det fort blir køar og kaotisk, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

– Vis respekt

Medan Kristoffersen vedgår at ferjeselskapet burde handtert situasjonen betre, meiner han at også dei reisande må ta sin del av ansvaret for dei til dels kaotiske tilstandane på ferjekaien.

Selskapet hadde ingen på land for å passe på at reisande ikkje sneik i køen.

– Det er ikkje alltid så lett for ferjemannskap å ha oversikt over dette. Sett i ettertid burde vi hatt fleire som handterte dette. Det må vi lære av til seinare, seier han og legg til.

– I tillegg må vi oppmode folk om å vise omsyn til kvarandre, vise normal køkultur og respektere at andre kjem før dei i køen.

Sårbart samband

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) var ein av dei som brukte delar av fredagsettermiddagen i ferjekø på Lote. Han er også bruforkjempar nummer ein.

– Dette er tredje gang på litt over ein månad at ferja er ute av drift og det blir nødløysingar som ikkje fungerer godt nok. Det viser kor sårbart det er å ha eit ferjesamband på eit så trafikkert ferjesamband som Lote-Anda, sa Bjørlo.

– Det er vanskeleg for oss å syte for at folk oppfører seg fint, men vi skal gjere vårt for å dirigere trafikken når det oppstår. Vi oppmoda folk til å vise sunn, normal køkultur når det oppstår slike situasjonar, ha respekt for at det kan bli litt kaotisk og at folk må hjelpe oss til å avvikle trafikken på ein fornuftig måte, seier Kristoffersen.