Fleire drepne etter angrep 

Dei væpna mennene har gått inn i bustadavdelinga til politiakademiet, og det skal vere mellom 500 og 700 kadettar inne i bygningen. Lokale nyheitsmedium melder om minst fem angriparar, ifølgje den pakistanske avisa The Nation .

Augevitne fortel at angriparane var utstyrte med sjølvmordsbelte.

Pakistanske tryggingsstyrkar har omringa bygningen, og alle sjukehus i byen har fått ordre om å innføre full beredskap. I ei fråsegn frå pakistanske styresmakter heiter det at «ein operasjon er i gang».

Politiskolen i den pakistanske byen Quetta er angrepet av minst fem væpnede militante. Det er fortsatt uklart hvor mange som er skadet i angrepet.

– Terrorangrep

Det er no natt i Pakistan, og det er førebels uklart om det er drepne i angrepet.

45 personar er såra, opplyser sjukehuskjelder til Geo News. Tilstanden til minst to av dei skal vere kritisk.

Andre kjelder melder om tolv såra i angrepet, men det er frykt for at talet på både drepne og såra kan bli høgt.

Ifølgje politisjef Sanaullah Zehri fekk dei lokale styresmaktene i førre veke informasjon om eit mogleg angrep, og tryggingstiltaka var skjerpa etter det.

– Eg følgjer sjølv med på situasjonen. Våre styrkar har tatt seg inn på området, og snart blir terroristane eliminerte, seier Zehri.

Det er uklart kva gruppe angriparane høyrer til.

Angrep mot politiakademi i Quetta

Foto: Daniel Aardal / NRK

Det blir meldt om skyting inne på området til politiakademiet, og augevitne har også fortalt om minst tre kraftige eksplosjonar.

Gjennom hovudinngangen

Angrepet starta ved 23.30-tida lokal tid, klokka 20.30 norsk tid. Angriparane tok seg inn gjennom hovudinngangen til politiakademiet i Saryab Road i utkanten av byen.

Quetta har fleire gonger tidlegare vore utsett for alvorlege terrorangrep, seinast i august i år då 70 menneske vart drepne i eit angrep mot eit sjukehus i byen .

Saka blir oppdatert

Laster kart, vennligst vent…

For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.