Flest kvinner vil sjå Brækhus-kampen

– Vi synest dette er kjempespennande og er positivt overraska, seier arrangør og dagleg leiar Morten Andreassen i First Lady Promotion.

Når Cecilia Brækhus møter Anne Sophie Mathis i sin første profesjonelle kamp på norsk jord vil uvanleg mange kvinner sitje ringside.

– Kvinner har respekt for Cecilia

Statistikken til arrangøren viser nemleg at 51 prosent av dei som har kjøpt billett til VM-kampen i Oslo spektrum er kvinner.

– Det viser ein høg kvinneandel. Vi trur også at mange kvinner har kjøpt billett som presang til mannen sin, seier Morten Andreassen, som meiner Brækhus har stor gjennomslagskraft i det norske folk, seier Andreassen.

– Kvifor er det slik?

– Cecilia som utøvar fangar breiare enn det tradisjonelle sportspublikummet. Menn tykkjer ho er ein god sportsutøvar – i en idrett der ho er ubestridt meister.

– Kvinner har respekt for henne som sportsutøvar, men er også fasinert av hennar tilnærming til sporten, legg Andreassen til.

Morten Andreassen

POSITIVT OVERRASKA: Advokat og arrangør Morten Andreassen kan fortell om en høg andel av kvinner blant publikum i Cecilia Brækhus første proffkamp på norsk jord.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Brækhus: – Eineståande

Brækhus meiner billettstatistikken fjernar ein del myter rundt det bokseinteresserte publikum.

– Det er så mykje morosame ting som skjer utanom sjølve kampen akkurat no. Eg trur kvinnestatistikken er eineståande, seier Brækhus.

Statistikken viser også at det blir eit uvanleg ungt publikum i Oslo spektrum.

Hovudandelen av billettkjøparane er mellom 25 og 45 år.

– Myta om at den typisk bokseinteresserte er ekstremvarianten av Champions League-fansen, altså ein eldre mann med stor ølmage, vil vi ikke sjå i Oslo spektrum.

– Utan at det er noko gale med eldre menn med ølmage, eg byrjar å nærme meg den kategorien sjølv, ler Andreassen.

Brækhus sin første kamp på norsk jord blei utsolgt veldig fort.

35-åringen boksar hovudkampen, og er sist ut av fire kampar i stevnet som går under namnet «The Homecoming».

Statsministeren kjem

Nesten 10.000 tilskodarar vil vere til stades på den første proffkampen i Norge sidan forbudet blei innført i 1981.

16. september i år vedtok regjeringa endringane i knockoutforskrifta som gjer det lovleg for bergens-jenta å bokse på norsk jord.

Også norges kvinnelege statsminister Erna Solberg – og norges kvinnelege kultur- og idrettsminister Linda Hofstad Helleland – ville sitje ringside laurdag.