Flyktningar skal forstå Noreg på rekordtid

Det heile er eit forskingsprosjekt. På dei 33 dagane skal flyktningane oppleve alt frå julefeiring, åttiårsdag og russefeiring. Og dei skal bruke norsk språk nær sagt heile tida. Arabisk får dei snakke berre nokre få minutt kvar dag.

Forsking

Forskingsprosjektet skal måle effekten av intensiv-integrering, og målet er at flyktningane skal forstå det norske samfunnet på rekordtid.

Siri Lund

Siri Lund er dagleg leiar i Nordic center.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Her snakkar dei norsk heile tida. Det vil seie 15 timar i døgnet, seier Siri Lund, dagleg leiar i Nordic center.

På dagtid går flyktningane i klassisk undervisning. Resten av døgnet bur dei saman i eit typisk norsk hus. Livet i huset skal levast etter typiske norske normar. Også maten er norsk. Berre det å ete fiskebollar kan vere ei utfordring når ein ikkje har gjort det før.

Ali Almohamad

Ali Almohamad er i ferd med å venne seg til norsk mat.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eg er mest vant til godt krydra mat, seier Ali Almohamad, medan han forsøkjer etter beste evne å få i seg dagens middag. Det står faktisk fiskebollar på menyen denne dagen.

Blir følgt av kulturvertar

Gjennom mesteparten av døgnet får flyktningane rettleiing av norsk personale som har fått tittelen «kulturvertar». Gjennom praktiske handlingar får flyktningane innblikk i korleis livet vert levd i ein norsk småby.

Kulturvertane saman med dei heile tida. Dei vekkjer dei om morgonen, et norsk frukost saman med dei, smør matpakke og følgjer dei til skulen, seier Frank Øyen, dagleg leiar i Nordic House.

Feirar jul og påske

I løpet av dei 33 dagane er det fire helgar. Og i kvar av desse helgane er det feiring. Og sjølv om det ikkje er sesong for alle feiringane blir det påskefeiring, jul, russefeiring og bursdag.

– Her kan det bli kultursjokk, seier Siri Lund.

Ali Zamrini

Ali Zamrini får kjapt beskjed om kvar i setninga verbet skal vere.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Målet er at flyktningane skal få ei heilskapleg forståing av norsk tenkjemåte. Dermed skal dei kunne manøvrere i det norske samfunnet på ein enklare måte. Metoden er tidlegare brukt på arbeidsinnvandrarar, men blir no testa på flyktningar også.

I min kultur brukar eg å hjelpe kvinnene med ting, seier Ali Zamrini. Ordstillinga er ikkje heilt korrekt, og Siri Lund gjev han kjapt eit teikn med fingrane. Teiknet skal minne han på å setje verbet på rett plass i setninga.

På denne måten får flyktningane tett språkoppfølgjing heile tida. Språkpolitiet er alltid på plass. Men i ei tilmålt tid får dei snakke litt arabisk.

– I tretti minutt får vi snakke arabisk. I dag.

– Er det deilig å få snakke litt arabisk?

He-he, ja. Litt, skrattar Ali Almohamad.