Flyplassar kan vere bakteriebomber

– Mange stressar litt når dei kjem på flyplassane. Dei er gjerne på toalettet, og så skal dei nå eit fly, så vaskar dei ikkje hendene godt nok. Då kan det bli ei bakteriebombe, seier Siri Grimelid.

Siri Grimelid fortel korleis reisande på Florø lufthamn skal vaske hendene.

MINUTT: Helst bør ein skrubbe hendene opp mot eitt minutt for å vere sikker på at kvar flik av huda har vore i kontakt med såpe og vatn, meiner sjukepleiestudent Siri Grimelid.

Foto: Aleksander Åsnes

Ho er ein av fleire sjukepleiarstudentar som i samband med Forskingsdagane har oppsøkt flyplassane for å lære reisande å vaske hendene skikkeleg.

– Ein får alltid i seg bakteriar, og dei er usynlege. På flyplassar er det folk frå heile verda, det kan vere bakteriar frå svineinfluensa og ande epidemiar og sjukdomar. Ein veit ikkje, seier ho.

For å sjekke tilstanden på vaskinga får ein vaske hendene i sprit. inne i ein boks med infraraudt blått lys vil mørke flekkar på hendene synleggjere om vasken har vore grundig nok.

Åtvarar mot handtørkarar

– Det var greitt nok. Det var nokre delar yttarst på fingrane som ikkje var så bra, og det var litt overraskande for eg heldt på lenge før dei sjekka, fortel Siv Hanne Sivertsen.

Også Jens Emil Valvik fekk gode råd med seg vidare på reisa.

Jens Emil Valvik var ein av dei som fekk gode handhygieneråd på FLorø lufthamn i dag.

RÅD: Jens Emil Valvik var ein av dei som fekk gode handhygieneråd på Florø lufthamn i dag.

Foto: Aleksander Åsnes

– Eg lærte meg å såpe meg inn litt grundigare, for det var plassar der det ikkje var godt nok, seier han.

Likar du å stå ekstra lenge med henda under handtørkarane, så kan det vere Grimelid får deg på andre tankar.

– Bruk eingangspapir. Dei rullane som ein dreg ned, og tørkarane er ikkje bra. På lufttørkarane så hoppar bakteriane ut, så dei som står ved sidan av vil få bakteriane over på seg.