– For mykje skitslenging

Corbyn la vekt på at Storbritannia no er i eit desperat behov for ei endring, og at ei Labour-regjering er einaste måten å få dette til. Han var klar på at Storbritannia treng ei regjering som tek arbeidsfolk sine rettar på alvor igjen.

Han lova at partiet skal stå for sosialisme tilpassa det 21. hundreåret.

Han bad også om at tonen internt i partiet må bli betre. Det har vore for mykje skitslenging, sa han, og tok også eit oppgjer med det han kalla antisemittiske utsegner gjorde av partimedlemer.

Oppgjer med marknadsøkonomien

Jeremy Corbain held landsmøtetale.

Jeremy Corbyn lovar å innføre sosialisme tilpassa det 21. hundreåret.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Corbyn lova landsmøtet eit oppgjer med marknadsøkonomien, som han meiner har øydelagt det britiske samfunnet. Han forsikra at Storbritannia med Labour i førarsetet igjen skal bli ein velferdsstat.

– Vi er no inne i ei ny tid. Det er naudsynt med nye løysingar, dei gamle verkar ikkje lenger, sa han til stor jubel. Han kritiserte regjeringa til Theresa May for at dei ikkje hadde noko nytt å kome med.

– Dette er berre David Camerons regjering med nokre nye ansikt, sa han blant anna. Han langa også ut mot Det konservative partiet for å vere partiet for dei privilegerte, ikkje for vanlege folk.

Corbyn lova i talen sin å starte ein storstilt aksjon for at vanlege folk kan få råd til ein skikkeleg bustad. Han kalla Det konservative partiet sin bustadpolitikk for usosial og berre til fordel for dei rike.

Corbyn gjenvalgt som leder av Labour

Fem mulige veier for Labour etter Corbyns andre seier

– Ut av fattigdomen

Han lova også at arbeidsfolk i Storbritannia skal ut av fattigdomen, og han kritiserte regjeringa for den storstilte privatiseringa. Han gjorde det klart at den britiske jernbanen skal tilbake på offentlege hender.

Saddiq Khan er borgarmeister i London.

London-borgarmeister Saddiq Khan meiner partiet no må stå saman.

Foto: Espen Aas / NRK

Også finanssektoren fekk gjennomgå i talen.

– Med Labour i regjering vil det ikkje lenger vere mogleg for eit par inkompetente finansfolk å øydeleggje for heile samfunnet, sa han, og viste til det som førte til den siste finanskrisa.

Corbyn kritiserte også utanrikspolitikken til Det konservative partiet, og han sa blant anna i talen sin at Storbritannia burde be om orsaking for deltakinga i krigen mot Irak. Han kritiserte også dei som hakkar på menneske som har flykta frå heimlandet sitt og gir dei skulda for at mange har det vanskeleg i Storbritannia i dag.

– Det er ikkje flyktningane sin feil at mange er utan arbeid eller utan ein anstendig stad å bu. Det er den konservative regjeringa sin feil, sa Corbyn til stor jubel frå landsmøte-forsamlinga.

Khan ber om samhald

Jeremy Corbyn har mange motstandarar i partiet, blant andre Saddiq Khan, borgarmeisteren i London. Han åtvara mot Corbyn under leiarvalkampen, men seier no at partiet må stå saman.

– Vi kan gjere liva til folk betre berre ved å vinne val, seier han til NRK.

Leslie Mansell, Labour-medlem.

Leslie Mansell er ein av støttespelarane til Jeremy Corby.

Foto: Espen Aas / NRK

Leslie Mansell er ein av støttespelarane til Corbyn, og ho har vore medlem i Labour i mange år.

– Det er ikkje berre han, men også politikken hans. Vi har venta lenge på ein som Corbyn, ein som står bak arbeidarane. Vi har venta lenge på ein som faktisk seier at han gjer det, seier ho til NRK.

Håpar striden er over

Ho håpar no at den interne striden i partiet no er over.

– Han har ein større majoritet bak seg. Min bodskap til motstandarane hans er det viktig at vi arbeider saman. Vi har meir tilfelles enn det som skil oss, seier ho.

Odd-Inge Kvalheim, internasjonal sekretær i Arbeidarpartiet, har fylgt landsmøtet i Labour på nært hald. Det er ikkje vanskeleg å merke motsetningane mellom venstre- og høgrefløya i partiet, seier han.

Odd-Inge Kvalheim.

Odd-Inge Kvalheim følgjer landsmøtet som utsending frå Arbeidarpartiet her i landet.

Foto: Espen Aas / NRK

– Det er lett å sjå kven som er kven. Ofte blir situasjonen fryst når ei gruppe kjem inn på området til dei andre. Så dei to sidene representerer ikkje berre ulike syn på venstresida av britisk politikk, men også ulike kulturar. Det er store motsetningar som kjem fram, gjerne ut på kvelden, seier han.

– Store utfordringar

Kvalheim meiner partiet har store utfordringar framfor seg.

– Det er dessverre slik at Labour har hatt altfor mykje fokus på seg sjølv, og det vil nok partiet han ei stund framover. Dette skjer i ei tid med store brytningar i det britiske samfunnet blant anna på grunn av Brexit, og då hadde ein trengt eit klart alternativ på venstresida, avsluttar Odd-Inge Kvalheim.