– Førde blir ikkje større sjølv om vi får Burger King

Kontrakten med hurtigmat-kjeda vart ordna denne veka, og det er meininga at restauranten skal opne seint i november eller tidleg i desember. På ein vindfull haustlaurdag er dei handlande førdianarane på kjøpesentra delte om nyheita.

– Det er eit fint tilbod, men eg er ikkje så glad i at det er tilgang på billig «junk food» så nært. Ungar og ungdom blir veldig freista av det, spesielt når det er så billig, seier Nina Gjervik, som bur i Førde.

Nina Gjervik

LITT SKEPTISK: Nina Gjervik er ikkje så begeistra for billig «junk food» i Førde.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Tidlegare har denne typen mat kun vore tilgjengeleg i større byar, men Nina Gjervik kjem likevel ikkje til å sjå anleis på byen no.

– Nei, Førde blir ikkje større sjølv om vi får Burger King, det vil eg ikkje seie.

– Heilt kanon

Senterleiar for Amfi i Førde, Mariann Njøsen, er godt nøgd med at dei har fått lokka den store merkevaren til å opne i Sunnfjord-byen.

– Det er heilt kanon. Vi trur vi er for små, men så er vi ikkje det likevel. Dei har vore her to gongar no, og dei synest dette er veldig bra, seier ho.

Mariann Njøsen

SENTERLEIAR: Mariann Njøsen skreiv under kontrakta med King Food AS denne veka.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Etter at nyheita kom i går, har det vore mange ulike reaksjonar på sosiale medier. Mest frå førdianarar, men folk frå utanfor Førde har kome med sine tankar om ei fast food-kjede i Sunnfjord.

– Det er klart at det er delte meiningar om dette, vi reknar ikkje med at alle skal like det.

Men ho trur ikkje det har så mykje å seie at folk er delte om det nye mattilbodet i Førde.

Torbjørn Holsen

GLER SEG: Torbjørn Holsen vart veldig glad då han høyrde at Burger King kjem til Førde.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Dei skal sleppe å ete der dersom dei ikkje vil. Eg reknar ikkje med at folk vil byrje ete middagen sin på Burger King uansett. Det som er så fint er at dette er eit nytt tilbod som vi ikkje har hatt før, for dei som liker det.

Favoritten

Og det er nokon som ikkje kan vente til det nye mattilbodet opnar.

– Det var vekas gode nyheit, det er jo favoritten. Eg trur ikkje det vil trekke folk langvegs frå, men det blir bra som nattmat i helgene, seier Thorbjørn Holsen.

Men det er enno noko skepsis. Fabian Fimland går på ungdomsskule i Førde, og tviler på at elevar kjem til å bytte ut matpakken med ein rask burger.

– Eg liker det ikkje så godt, det føles berre som feitt. Men det er sikkert mange som er glade for det, seier han.