Forlag nektar å vedta millionbot

1000272550

Konsernsjef Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm avviser at dei har drive med ulovleg samarbeid.

Foto: Norrud, Erik / Samfoto Dagsavisen

Konkurransetilsynet varsla i sommar at dei vurderte å gi fire forlag eit gebyr på til saman 23 millionar kroner for ulovleg samarbeid. Men to av forlaga, Cappelen Damm og Gyldendal, seier no at dei nektar å godta bota, skriv Dagens Næringsliv.

Konsernsjef Tom Harald Jenssen i Cappelen Damm seier til avisa at dei ikkje er samde i vurderinga til tilsynet.

– Vi har ikkje boikotta Interpress og heller ikkje samarbeidd med andre forlag om ein kollektiv boikott. Forlaget har på sjølvstendig grunnlag fatta eit einsidig, kommersielt vedtak om ikkje å opprette distribusjon med Interpress.

Strid om bokdistribusjon

8. og 9. april 2014 gjennomførte Konkurransetilsynet ein aksjon mot forlaga Cappelen Damm, Gyldendal, Schibsted Forlag og Aschehoug. Målet var å sikre seg bevis på ulovleg samarbeid.

Bakgrunnen var påstandar om at forlaga boikotta Reitan-eigde Interpress til fordel for den forlagseigde konkurrenten Bladcentralen. Begge selskapa distribuerte bøker til kioskar og daglegvarebutikkar.

Storaksjonen vekte reaksjonar, blant anna hos politikarane, som vurderte å skrote bokavtalen dersom påstandane var sanne.

– Gjennomgår tilsvar

Forlaga hadde frist til 15. september med å kome med svar til dei varsla millonbøtene, men avdelingsdirektør Gjermund Ese seier til Dagens Næringsliv at dei ikkje gir innsyn i tilbakemeldingane:

– Eg kan ikkje gå inn på kva dei ulike forlaga har meldt tilbake. Men eg kan stadfeste at vi har fått tilsvar innan fristen frå tre av dei fire forlaga, medan eitt har søkt og fått forlenga fristen med ei veke. Det Konkurransetilsynet no vil gjere er å gjennomgå tilsvara som har kome inn, og jobbe vidare med saka for å sjå om det er grunnlag for å fatte endeleg vedtak.