Frank Sve trekker seg  – Listhaug på topp

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Frp sette Frank Sve på toppen av lista, og innvandringsminister Sylvi Listhag på andre plass. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk tredjeplassen på lista.

Sve sa tidlegare at berre førsteplassen var aktuell, medan statsrådane Listhaug og Dale under eit besøk på Sunnmøre tidlegare i månaden varsla at dei ikkje godtok å stå på andre og tredjeplass.

Sylvi Listhaug åpner Regjeringen sin nasjonale integreringskonferanse.

Sylvi Listhaug seglar truleg opp som ny listetopp etter at Fre har trekt seg.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

I dag blei det kjent at Frank Sve trekkjer seg som listetopp, etter at parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik mekla.

Sve seier at han på ingen måte har blitt pressa til å trekkje seg, men har i samtalar med Listhaug og Dale kome fram til at dette er til beste for partiet.

– Prosessen i Møre og Romsdal har utvikla seg feil, og når eg no gir frå meg førsteplassen er det fordi et alltid set partiet først, seier Sve til NTB.

Listhaug seier tonen mellom dei tre har vore, og framleis er, god.

– Eg har alltid snakka gode med Sve, og no har vi fått snakka ut igjen. Vi skal saman jobbe for partiet, og Sve har vore og kjem til å bli ein viktig mann for partiet, seier Listhaug.

Det var ein samrøystes nominasjonskomite som stod bak forslaget om Sve på topp, men eit endeleg forslag blir lagt fram 19.november, og nominasjonsmøtet er 04.februar.

– Eg tar avgjerda i dag til vitande, seier leiar i nominasjonskomiteen, Stig Rune Andreassen.

Han vil elles ikkje kommentere at rekkefølgjen er endra, fordi det kan påverke arbeidet til komiteen. Han seier likevel at Listhaug og Dale er to av dei beste representantane Frp har.

– Korleis grasrota i partiet vil reagere og kva komiteen kjem fram til veit eg ikkje, seier Andreassen.