Fråværet stuper med nye reglar

– Fråværet ved vår skule har gått ned med om lag tjue prosent i denne perioden etter at dei nye reglane vart innført. Det seier Hallgeir Hansen som er rektor ved Firda vidaregåande skule i Nordfjord.

Han er godt nøgd med at fråværet har gått ned, men han ser også fleire utfordringar med dei nye reglane.

Les også: Leger frykter nye fraværsregler gir merarbeid.

– Det er krevjande at ein lyt til legen for å dokumentert ting som feber eller spysjuke. Særleg er det vanskeleg for elevane som bur på hybel.

Regjeringa har innført nye fråværsreglar som seier at elevar ikkje kan ha meir enn ti prosent fråvær i eit fag. Om dei har det, får dei som hovudregel ikkje karakter i faget. Reglane har hausta mykje kritikk, men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har varsla at han ikkje kjem til å forandre dei.

Rektor Hallgeir Hansen ved Firda vidaregåande

NØGD MEN KRITISK: Hallgeir Hansen er godt nøgd med at fråværstala har gått ned, men han er kritisk til ein del ved dei nye fråværsreglane til regjeringa.

Foto: Bård Siem / NRK

Nedgang mange stader

NRK har prata med fleire rektorar, og alle melder om ein markant nedgang i fråværstala. Dei fleste trekker også fram at mange elevar går på skulen sjølv om dei kanskje burde vore heime.

– Vi har elevar på skulen som er sjuke. Dei burde eigentleg ha vore under dyna heime, men dei vil ikkje ha fråvær, så dei møter opp på skulen. Det seier Toril Thorbjørnsen som er rektor ved Høyanger vidaregåande skule.

– Halve klassen hadde feber

Også mange elevar har bite seg merke i at fleire møter opp på skulen enn før, men ikkje alle tykkjer det er bra.

– I førre veke hadde halve klassen feber på same tid, og alle sat der og snufsa. Om du ikkje var sjuk frå før vart du sjuk av å vere i klasserommet, seier Lene Førde som er elev på Firda vidaregåande skule.

Vil helst basere seg på tillit

Rektor Hansen på Sandane er nøgd med at fleire elevar møter opp, men han skulle helst ha sett at dei gjorde det av eigen vilje.

– På mange måtar skulle eg ønskje at vi ikkje hadde trengt å ha eit så strengt regime, vi vil jo helst ha ein skule som er bygd på tillit.

Lene Førde og dei hine elevane ved Firda likar ikkje det nye regimet, men kjem likevel til å følgje det så lenge alternativet er at ein ikkje får karakter.

– Ein torer ikkje å bli heime, fordi ein er redd for å miste karakteren i eit fag. Om ein då vaknar med 39 i feber, må ein framleis gå på skulen.