Fylkesmannen: Desse tre bør bli storkommune

Spenninga er stor før fylkesmann Anne Karin Hamre i morgon skal presentera si tilråding til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) om korleis kommunekartet i Sogn og Fjordane bør sjå ut.

Etter det NRK kjenner til kjem Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til å køyra over folkeviljen i Leikanger og slå kommunen saman med Balestrand og Sogndal. Hamre vil såleis ikkje leggja avgjerande vekt på at 61 prosent av systrendingane i folkerøystinga i mai sa nei til å gå inn i ein storkommune, og at kommunestyret vedtok at dei ønskjer å halde fram som eigen kommune i framtida.

Tilrår storkommune i Sogn

Argumenta til Hamre for å gå inn for ei tvangssamanslåing får me høyra i morgon, men ho har gjentekne gonger teke til orde for ein storkommune i Sogn:

Anne Karin Hamre

HAR LENGE IVRA FOR STORKOMMUNE: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner ein storkommune i Sogn vil bidra til å halda på – og gi regionen nye – statlege arbeidsplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

  • Eit anna fusjonsargument Hamre har nytta er at det blir stadig fleire eldre, men mindre oljeinntekter, noko som vil tvinga kommunane til å bruka meir pengar på innbyggjartenester, og mindre på administrasjon.
  • I tillegg sa folket både i Balestrand og Sogndal ja til ein storkommune, i Balestrand med knappast mogleg fleirtal. Også kommunestyret i Sogndal sa ja, medan kommunestyret i Balestrand var positive utan at dei såg at det var grunnlag for ein storkommune no. Leikanger er såleis blitt liggjande i midten som ein bremsekloss for fusjonspositive naboar i vest og aust.
  • Men det kanskje mest openberre argumentet til Hamre for ei samanslåing kan vera at Leikanger og Sogndal – saman med Luster – dannar ein naturleg bu- og arbeidsmarknadsregion, der fleire hundre innbyggjarar jobbpendlar mellom kommunane. Berre frå Luster pendlar over 600 menneske til arbeidsplassane sine i Sogndal og Leikanger.
  • Les òg: Grå økonomiske skyer aukar fusjons-iver i Sogn

Luster på eigen kjøl

Sjølv om Luster, Sogndal og Leikanger dannar eit felles bu- og arbeidsområde, tilrår – etter det NRK kjenner til – ikkje Fylkesmannen å røra Luster i denne runden.

Lustringane har heile vegen vist sterk motvilje mot kommunereforma og har – i tillegg til å vera med på ei fellesutgreiing med Sogn regionråd – for eiga rekning greidd ut det å bli verande sjølvstendig kommune. Luster meiner dei har dokumentert at dei kan gi innbyggjarane sine gode tenester på eigen kjøl.

Ivar Kvalen

FÅR FRED – I DENNE OMGANGEN: Ordførar Ivar Kvalen i Luster meiner den rike kraftkommunen kan gi innbyggjarane gode tenester som sjølvstendig kommune.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og det kan sjå ut til å ha vege tungt nok til at Hamre ikkje tilrår å fusjonera den rike kraftkommunen med naboane i denne omgang.

Men etter det NRK kjenner til, har Fylkesmannen lagt vekt på at det kan koma fleire rundar med kommunesamanslåingar, og at det då kan vera aktuelt å innlemma Luster i storkommunen på nordsida av Sognefjorden.

Kan skapa reaksjonar

At Fylkesmannen brukar tvang mot Leikanger, men ikkje mot Luster, sjølv om begge er ein del av den same bu- og arbeidsmarknadsregionen, kan skapa reaksjonar.

I til dømes kommunereformvedtaket til kommunestyret i Leikanger står det klinkande klart: Set Fylkesmannen folkeviljen til sides, «forventar kommunestyret at det i så tilfelle blir tilråda ein kommune basert på ein felles bu- og arbeidsmarknad i Sogn. I ein slik kommune føreset vi at Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand inngår».

Ingen av ordførarane i dei fire omtalte kommunane vil kommentera saka før Fylkesmannen presenterer tilrådinga si i morgon, torsdag, klokka 13.

NRK veit at Anne Karin Hamre har kalla ordførarane og rådmennene i Balestrand, Leikanger og Sogndal inn til møte på Statens hus i Leikanger for å drøfta tilrådinga onsdag morgon.

Hamre ønskjer ikkje å kommentera saka for ho har gitt heile tilråding si i morgon.