Går for gull i VM

– Det kjem veldig an på korleis løpet utviklar seg. Skulle eg vere så heldig at eg kjem i eit brot, trur eg det er stor sansynlegheit for gull, seier det sjølvsikre sykkeltalentet.

Ullebø skal sykle i klassen menn junior. Meisterskapen vert arrangert i Doha, som er hovudstaden i ørkenlandet Qatar, mellom niande og 16 oktober.

Det er ein moderne millionby, men med sin plassering midt i ørkenen er nok vêret litt annleis enn på Vestlandet. Sjølv i oktober pleier temperaturane å kome godt over 35 grader.

Sedrik Engebø Ullebø på rulleski heime i Høyanger

MULTITALENT: Sedrik er eit multitalent, og har også teke mange gode plasseringar i langrennsmeisterskap

Foto: Rune Fossum / NRK

Høyangringen trenar likevel slik som han pleier å gjere, sjølv om den store meisterskapen berre er tre veker unna.

Les også: Nytt steg for stortalentet

– Det går ganske mykje i det same, nett no er det ganske mykje mengdetrening. Eg prøver å få trent mest mogleg inn mot VM.

Håpar på spurt

Sykling er ein taktisk idrett, og nokre syklistar må nøye seg med å vere hjelperyttarar for andre på laget. Då er det ikkje like lett å oppnå dei heilt store resultata, og Ullebø innrømmer at han er spent på korleis funksjon han kjem til å få i Qatar.

Doha skyline

ØRKENBY: Doha er hovudstad i Qatar, og ligg midt i ørkenen.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Det er ikkje lett å seie om eg skal køyre for andre, eller om eg kjem meg med i ein spurt. Eg føler heilt klart at eg har kapasitet til å ta medalje, men det kjem veldig an på korleis eg får lov til å sykle

Les også: Suverene Sedrik sikra sigeren

Sedrik Engebø Ullebø viser fram premiesamlinga - 2

STOR SAMLING: Etter å ha vore eit stort talent i fleire idrettar i mange år byrjar premiesamlinga å bli bra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hadde forventa å kome med

Ullebø tykkjer det er stort å skulle sykle i verdsmeisterskapen, men skal han vere heilt ærleg hadde han eigentleg forventa det.

– Eg har vore på landslaget og eg har sykla EM allereie, så det var eigentleg som forventa.