Gladmelding til lungekreftsjuke

– Det er det nye immunterapimiddelet som vi ikkje har hatt for lungekreftpasientar tidlegare. Så sånn sett er det ein gledens dag i dag.

Lars Vorland, direktør i Helse Nord

Foto: Barbro Andersen

Det seier Lars Vorland, som er leiar for Avgjerdsforum for nye metoder. Forumet består av direktørane for dei fire helseregionane.

I dag har dei sagt ja til å innføre immunterapimiddelet Keytruda til lungekreftpasientar.

Rekninga for den kostbare og livsforlengande medisinen skal det offentlege ta.

Det har tidlegare vore debatt rundt om det er kostnadseffektivt å tilby lungekreftpasientar den dyre, men livsforlengande immunterapimedisinen.

– Det stoffet vi har sagt ja til i dag har vi tidlegare sagt nei til. Men no har vi fått ein rabatt som er så god, at det er innanfor det vi meiner vi kan sei ja til, seier Vordal.

Fleire har betalt sjølv

Immunterapi blir sett på som eit gjennombrot innan kreftforskninga. Så langt gir resultata forhåpningar om at det kan føre til at mange pasientar får forlenga liv.

Immunterapi er godkjent, og allereie tatt i bruk for pasientar med føflekkreft, og godkjent som behandling for pasientar med «ikkje-småcella» lungekreft.

Prisen på ein kur er 50.000 kroner. Dersom ein pasient får behandling i eitt år, kostar det ein million kroner.

Som NRK fortalte tidligare betaler fleire kreftpasientar sjølv for livsforlengande behandling. Til no i år har 60 kreftpasientar, 40 fleire enn i fjor, betalt frå eiga lomme for immunterapi på private sjukehus.

Aktuelt for rundt 700 pasientar

Med avgjerda frå Beslutningsforum for nye metoder får rundt 700 lungekreftpasientar som er aktuelle for immunterapi, tilbod om det.

Ei av dei er trebarnsmora Kathrin Kobbevik (42) som fekk diagnosen uhelbredeleg lungekreft for berre nokre veker sidan. Til NRK i går sa ho at ho håpte at det ikkje skulle vere økonomien som sette stoppar for om ho skulle få prøve behandlinga.

– Det er snakk om tre barn som skal miste mora si. Alle år eg kan få ekstra er gull verdt, sa Kobbevik til NRK i går.

For to veker sidan fekk 42-år gamle Kathrin Kobbevik vite at ho har uhelbredeleg lungekreft. No kjempar trebarnsmora for at lungekreftpasientar skal få ta ibruk ei ny type behandling. Men behandlinga er svært kostbar, og mandag avgjer styresmakene om sjukehusa skal tilby den nye medisinen.

Kathrin Kobbevik er ei av mange som har venta på avgjerda om det offentlege tar rekninga for immunterapi.