Gullfavorittane er klare for å takle vinden

NM-feberen er til å ta og føle på. Bygdefolket snur seg når dei ser Johannes Thingnes Bø i butikken, og Tiril Eckhoff som ruslar nedover gata.

Johannes har testa dei nye rulleskiløypene i Vik i dag, og er klar for å kjempe om NM-gull i morgon. Men med vanskeleg vind trur han mykje kan bli vunne eller tapt på standplass i helga.

– I dag var det frisk bris på standplass. Eg synest eg takla vinden bra, men det er utfordringar der. Men det er det vi liker, og vi har trent på å takle slike forhold.

Liker å vere favoritt

Verken Emil Hegle Svendsen eller Tarjei Bø er med til Vik. Derfor må Johannes finne seg i å vere klar favoritt.

– Det er kjempebra. Eg har følt meg i betre form enn Emil i det siste, men Tarjei er som regel i betre sommarform enn meg. Så eg har større sjans til å vinne no i helga.

No ser fram til den kommande sesongen, og det mest spennande er at laget har fått nye trenarar.

Asbjørn Wold

VINN ELLER FORSVINN: Asbjørn Wold (25) frå Vik har gitt seg sjølv éin sesong til på å sjå gjennom som skiskyttar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dei nye trenarane deler same filosofi som meg, så eg har hatt kjempegodt utbytte av trenarbytte, seier stryningen.

Comeback på heimebane

Ein anna som ser fram til denne sesongen er Asbjørn Wold frå Vik. Han har hatt to tunge sesongar der sjukdom har øydelagd for han. No prøver han igjen.

– Det er to år sidan sist, så dette blir nesten som å byrje på nytt. Det blir moro, seier vikjen.

Alt låg klart for ei strålande skiskyttar-karriere og forventingane var store, men plutseleg var det bråstopp. No er Asbjørm 25 år, og difor blir denne sesongen vinn eller forsvinn.

– Viss eg ikkje er nær nok toppen denne sesongen, føler eg at eg er så gamal at eg må byrje å tenke på andre ting.

Difor er det bra å kunne opne sesongen på heimebane i Vik.

Tirill Eckhoff

INGEN TOPPFORM: Tirill Eckhoff kan ikkje skryte av nokon kjempeform for tida, så ho håper at skytinga kan redde ho.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– No er det berre opp til vêret for at dette skal bli ei skikkeleg bra helg, seier Asbjørn.

– Prøve å treffe blinkane

Tirill Eckhoff kunne i dag sette pris på at sola stakk fram mellom skyene nokre få gongar.

– Akkurat no skin sola og det er god stemning i løypa. Løypa er bra, bortsett frå ein litt dårleg dosert sving. Det er ei veldig tøff løype, så det blir nok hardt.

Ho er midt i oppkøyringa til ein ny sesong, så formen er ikkje fantastisk til konkurransane i helga.

– Eg er i OK treningsform, ikkje nokon toppform, men eg skal prøve så godt eg kan å treffe blinkane.