– Han hadde ein kniv mot halsen min

Det var seint fredag kveld at tre menn kom springande inn i huset som ligg om lag ein time utanfor Cape Town. Dahlback var på besøk hos ei venninne, og dei to sat i stova då ranarane slo til.

– Dei kom inn i stova, utan forvarsel. Dei ropte «sjå ned, sjå ned». Dei hadde skrutrekkarar i hendene, seier Dahlback til NRK.

Ho jobbar som journalist i NRK Nyheiter til vanleg, men har for tida permisjon for å ta vidareutdanning i Sør-Afrika.

– Eg gjorde alt dei sa

Dahlback, som er frå Fredrikstad, fortel at ranarane var ute etter verdisaker, men at ho også var redd for at dei skulle bruke vald.

Ida Dahlback

Ida Titlestad Dahlback (32)

Foto: Privat

– Ein av ranarane stod bak meg med ein kniv han hadde funne på kjøkkenet. Han heldt kniven mot halsen min. Han heldt også ei pute framfor hovudet mitt, seier ho.

– Eg gjorde alt dei sa. Eg var i overlevingsmodus, seier Dahlback vidare.

Puta som var framfor andletet på Dahlback gjorde at ho ikkje kunne sjå kva som skjedde med venninna. Ho høyrde berre lydar.

– Eg var redd dei skulle valdta ho. Eg høyrde at dei snakka og at dei rota rundt. Eg var veldig redd for at dei skulle gjere ho noko, men eg torde ikkje å gjere noko.

– Visst dykk skrik, så drep vi

Ranarane fekk mellom anna med seg to Macbook-datamaskiner, ein flatskjerm, tre mobiltelefonar og pengar.

– Dei tok også eit gullsmykke eg hadde rundt halsen og ein ring eg fekk i konfirmasjonen. Det er heldigvis berre ting som kan erstattast, seier Dahlback.

Ho fortel at ho i ein periode frykta for livet sitt.

– Eg var redd dei skulle gjere oss noko. For slike ranarar er ikkje livet mitt noko verdt, så ein fryktar jo det verste i ein slik situasjon.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Utanfor Cape Town - Ida Dahlback rana

Ranet skjedde i Scarborough, litt utanfor Cape Town i Sør-Afrika, fredag kveld. Dette biletet tok Dahlback denne veka.

Foto: Privat

Ifølgje 32-åringen var ranarane i huset i om lag 20 minutt.

– Dei batt hendene og føtene våre saman med det dei fant. Dei brukte mellom anna skjerf og tv-kablar, og la oss på golvet med andletet ned. Eg og venninna mi låg rett ved sidan av kvarandre.

– Då vi låg der var eg redd for at dei skulle valdta oss. Dei sa at «visst dykk skrik, så drep vi dykk». Så prang dei ut, fortel ho vidare.

Politiet kom – har sikra fingeravtrykk

Etter ei stund klarte dei to venninnene å komme seg laus.

– Då gav vi kvarandre ein klem – og så ringde vi etter hjelp. Politiet kom etter kanskje ein halvtime. Dei har tatt bilete i huset, sikra fingeravtrykk og gjort andre undersøkingar. Dei fortalde oss også at det var bra at vi hadde vore rolege og at vi gjorde det ranarane sa.

Dahlback, som har skrive eit innlegg på bloggen sin, seier at det går bra etter omstenda.

– Men dette er noko eg aldri kjem til å gløyme, fortel ho.