Han trur mora kjem til å skjella nokon ut

To rogalendingar skal vera med i kampen om å bli «Superbonden» i den nye realityserien som har premiere på NRK i morgon.

Ho eine heiter May Britt Lode og er storbonde frå Jæren. NRK møtte henne dagen før premiera, men då var ho mest oppteken av å kjefta på strie stutar som ikkje ville lystra.

Har temperament

Sonen, Runar Lode, som hjelper til i fjøset trur temperamentet hennar også vil skina gjennom på TV-skjermen.

– Ho er spesiell, og kjem nok til å skjella nokon ut. Ho er hissig, seier han om mora, medan ho styrar på med dyra.

Sjølv har ikkje May Britt tru på at ho skal få noko kjendisstatus etter programmet har gått på tv.

– Eg trur ikkje eg blir kjendis. I tilfelle så blir det nok berre eit lite blaff. Men viss dette hjelper til med å setja bonden i eit betre lys så skal eg tola å vera litt i rampelyset, seier ho.

Bli kjent med May Britt

Portrett av May Britt.

May Britt er storbonde frå Nærbø i Rogaland, og er ei av dei største mjølkeprodusentane i området.