– Har vore eit år med terror

Han fortalde om den forferdelege tida, men bad om forståing for at han i tida framover må få vere i fred saman med familien sin her i landet. Han sa at det såg spesielt stygt ut før presidentvalet. Då var det vanskeleg å tru at han skulle kome ut i live.

Sekkingstad skildra korleis det utvikla seg til eit nært vennskap med dei andre gislane, og at dei visste at ein av dei, eller alle saman, ville bli avretta. Dei vart lenka saman kvar natt, sa han.

Sterkt samhald

Samhaldet mellom gislane var sterkt, fortalde han, og han ville heidre dei to kameratane som miste livet.

Kjartan Sekkingstad

Kjartan Sekkingstad møtte pressa på Gardermoen i dag tidleg.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

– Eg har vore i terrorfangenskap i eitt år. Dagleglivet var stort sett for gruppa som heldt meg å prøve å unngå konfrontasjon med politi og militæret, som stadig vekk prøvde å innhente oss. Det var leirliv inne i skogen, eg trur rundt eitt og eit halvt døgn på kvar stad. Det var mykje gåing, i timevis eller heile natta, av og til eit døgn, sa han på pressekonferansen.

Han fortalde at dei fekk svært lite mat. I hovudsak var det litt ris med soyasaus og litt sukker, av og til litt salta og tørka fisk eller sardinar eller nudlar. Men det meste var kokt ris.

– I starten vart vi sveltefôra, eg veit ikkje kvifor. Vi måtte sove på bakken på eit lita presenning. Vi vart lenka saman med handjern kvar kveld etter kveldsbøna. Vi var ein samansveisa gjeng, og vi tok godt vare på kvarandre, sa Sekkingstad.

Sekkingstad fortalde at dei for å halde motet oppe, måtte glede seg over det dei kunne glede seg over. Til dømes eit håp om at dei skulle få meir mat, kanskje få ein sardin.

Feilinformasjon

– Det var både oppturar og nedturar. Det var mykje feilinformasjon, løgn og fanteri. Ein gong sa dei at vi skulle få reise heim til jul, men det viste seg å berre vere tull. Vi gjekk ein heil dag til det vi trudde skulle vere ei utveksling, men det vart ikkje noko, sa han på pressekonferansen.

Kjartan Sekkingstad møtte norsk presse på Gardermoen i dag, se hele pressekonferansen her.

VIDEO: Sjå heile pressekonferansen med Kjartan Sekkingstad.

Frode O. Andersen i UD forteller om opp- og nedturene i arbeidet med å få løslatt Kjartan Sekkingstad. Han forteller at Politiets ekspertteam på krise- og gisselforhandlinger har vært sentrale i arbeidet.

VIDEO: UD og forhandlingane for å få Sekkingstad sett fri.

Sekkingstad nemnde også at dei på eitt eller anna tidspunktet merka ein skilnad. Dei fekk beskjed om at nokon kom til å hjelpe dei, og dei fekk betre behandling. Han hadde inntrykk at dette skjedde før presidentskiftet.

– Maten vart betre, og vi fekk beskjed om å vere tolmodige. Og laurdag, etter ei og ei halv veke med venting, sa dei at eg skulle setjast fri dagen etter, fortalde han.

Då det skjedde, vart dei eskorterte ned gjennom skogen, der dei vart møtte av andre militære grupper. Han vart frakta med fly til Davao, møtte president Duterte, før han vart teken hand om av den norske ambassaden.

– Eg takkar alle som har hjelpt til. Familien, det offentlege, og igjen vil be om forståing for at eg treng lit ro og fred. Eg treng tid saman med familien for å leggje dette bak meg, sa han på pressekonferansen.

Kjartan Sekkingstad i Oslo

Kjartan Sekkingstad ber om forståing for at han no treng ro.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Han sa også at han ikkje veit noko om avtalen som vart inngått med opprørsgruppa, eller om løysepengar.

Støtteapparat

Utanriksdepartementet har fortalt til NRK at Sekkingstad ikkje har reist åleine til Noreg, og at han har hatt eit støtteapparat rundt seg.

Nordmannen vart sett fri frå fangenskap hos den filippinske Abu Sayyaf-geriljaen sist helg. Han har fortalt om forferdelege opplevingar med truslar om halshogging, matmangel og psykisk terror.

Sekkingstad har vore gjennom legeundersøkingar og debrifing i den filippinske hovudstaden Manila. Han har også vore i avhøyr hos filippinske styresmakter om det han veit om Abu Sayyaf-geriljaen etter tida som gissel der.

For filippinske styresmakter kan dette vere svært viktig informasjon i deira jakt på Abu Sayyaf.

Kjartan Sekkingstad har sagt at han no ynskjer å vere ei tid saman med familien sin i Noreg, men at han ynskjer å reise tilbake til Filippinane, der han budde fast til han vart bortført i fjor. Han er opphavleg frå Sotra utanfor Bergen.

Nestemann på lista

Dei to kanadiske medgislane John Ridsel og Robert Hall vart halshogde av geriljaen i april og juni i år. Sekkingstad var nestemann på lista til å bli likvidert.

Den norske ambassadøren i Filippinane, Erik Førner, seier at det siste året har vore som ei berg- og dalbane for den norske gisselen.

Abu Sayyaf-geriljaen held framleis 11 utanlandske gislar. Løysepengar for gislar er den viktigaste inntektskjelda til den islamistiske grupperinga. Dei har sagt at dei har fått rundt 10 millionar kroner for nordmannen.

Terrorforsker: – Private løsepenger vil øke faren for andre

Terrorforsker: – Private løsepenger vil øke faren for andre

Ble hyllet etter løslatelsen av Sekkingstad – skal ha fått andel av løsepengene