Heilt til topps i havfiske

Ho vart europameister etter å ha beste samanlagtresultatet etter fire fiskedagar. I tillegg fekk ho premie for «Best single day Catch – Lady».

Også i herreklassa gjorde Norge det skarpt, ettersom Petter Skudal frå Oslo Havfiskeklubb vart nummer to etter Heiko Dreier frå arrangørlandet. Han var to fiskar frå å vinne.

I landslagskonkurransen vart Norge nummer fire, ei sterk plassering med tanke på at dei hadde ein deltakar for lite. Laget var samansett av Trude Johnsen, Steinar Andersen, Petter Skudal og Lars Hellum.

Petter Skudal og Lars Hellum vann klassen for tomannslag.

– Har lært mykje

Sunniva Oldeide

NYTTIG: Sunniva Oldeide i Nordfjord Havfiskeklubb.

Foto: privat

Nest år skal EM i havfiske arrangerast i Måløy. Sunniva Oldeide i Nordfjord Havfiskefestival er i Cork som observatør saman med Jan Holvik. Ho seier at det har vore svært nyttig.

– Vi har lært mykje om miljøet og gjennomføringa av arrangementet, samstundes som vi har fått snakka med mykje folk som er interesserte i neste års arrangement.

Dei irske arrangørane har vore hjelpsame, seier ho.

– Dei har gjort det dei kan for å tilrettelegge for oss. Vi skal og presentere litt av neste år arrangement under kveldens premieutdeling.

Sunniva Oldeide seier dei alt har fått stadfesta ein del lag til EM i Måløy i 2017. Ho reknar med at det kjem deltakarar frå rundt 20 nasjonar.

EM i havfiske i Cork

KLAR TIL UTROR: Båten til Trude Johnsen er klar for ein ny konkurransedag.

Foto: Sunniva Oldeide