Her blei Kongens nei kringkasta – Norkring vil rive stasjonen

Det er premieredag på filmen «Kongens nei». På same tid kjem beskjeden frå selskapet som eig dei store radiosendarane i Noreg. Dei ønskjer å rive bygningane der Kongens nei blei kringkasta i april 1940.

Det er eit kringkastingsanlegg med ei dramatisk historie Norkring ønskjer å rive. Søknaden om riving blei sendt alt i november 2014. Den 16. september i år varsla Norkring at dei vil gjere alvor av planane om å rive stasjonen.

Jon Hildre

Jon Hildre har i ei årrekkje arbeidd for å få etablert eit museum i dei gamle kringkastarlokala.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er redde for at ei sterk, dramatisk og viktig kringkastingshistorie er i ferd med å gå tapt. Vi kjempar vidare, men det er ikkje lett, seier Jon Hildre. Han har i fleire år arbeidd for å få verna kringkastingsstasjonen og å opprette eit nasjonalt kringkastingsmuseum i lokala.

Filmen som har premiere i dag handlar om dei tre dramatiske døgna i april 1940, og viser korleis Kong Haakon sto opp mot den tyske overmakta då krigen kom til Noreg. Kongen fekk eit ultimatum: Enten å overgje seg eller å døy.

Medan Norkring ønskjer å rive har ei gruppe eldsjeler arbeidd iherdig for å verne stasjonen, og å etablere eit nasjonalt kringkastingsmuseum der. Formannskapet i Giske vedtok i august at stasjonen bør vernast, og at museumsdrift bør vere eit nasjonalt ansvar.

Riksantikvaren har ikkje vurdert kringkastingsstasjonen som verneverdig.

– Vigra spelte ei nasjonal rolle

9. april flykta Kongen og regjeringa frå Oslo, via Nybergsund og opp Gudbrandsdalen. Ein granskingskommisjon fastslo i ettertid at det var ein svært stor mangel at Kongen og regjeringa var ute av stand til å kommunisere med folket og proklamere avgjerda om å gå til kamp.

I sør var alle kringkastingsstasjonane overtekne av den tyske okkupasjonsmakta.

Den einaste frie radiosendaren i Sør-Noreg frå 9. til 15. april var Vigra kringkastar ved Ålesund. I Nord-Noreg var sendarane i Bodø og Tromsø framleis på norske hender.

Sendaren på Vigra skulle vise seg å få ei sentral, nasjonal rolle for å få ut informasjon dei kritiske timane.

– Vigra kringkastar var det viktigaste norske informasjonsorganet for å få Kongens nei ut til folket, seier Jon Hildre.

Gamle instrument ved Vigra Kringkastar

I bygningane til kringkastarstasjonen er det samla mykje teknisk utstyr som hara vore brukt til kringkasting.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hektisk aktivitet i Ålesund

Vigrasendaren var nybygd i 1930 og var på heile 100 kilowatt. Han var bygd som ein nasjonal sendar, og skulle tene den norske fiskeflåten. Det innebar at han dekte store deler av Noreg, i tillegg til havområda frå Skottland via Grønland og til Svalbard.

Slik kunne sendaren på Vigra spele ei nasjonal rolle dei dramatiske dagane frå 9. til 15. april 1940, seier Hildre.

Dramatikken rundt Vigra kringkastar vart skildra av dåverande kyrkje- og undervisningsminister, seinare kringkastingssjef, Kåre Fostervold, under nyopninga av Vigra kringkastar like etter at krigen var slutt. Her skildrar han historia slik:

Klokka halv tolv om kvelden blei det sendt ut ei kunngjering over Sveriges Radio i Stockholm. Meldinga gjekk på at Kongen og den norske regjeringa hadde avvist det tyske kravet om kapitulasjon og valde å gå til krig mot Tyskland.

I Ålesund arbeidde dei som var på vakt på kringkastaren for å få stadfesta dette. Dei klarte å lokalisere Kongen og regjeringa på Lillehammer.

Vigra kringkastar varsla at det ville kome ei viktig kunngjering klokka 12.00 den 10. april, dagen etter den tyske invasjonen. På dette tidspunkt var unge norske menn mobilisert, og i dette området strøymde dei i retning Åndalsnes for å møte tyskarane i Romsdalen eller Gudbrandsdalen.

Vigra kringkastar

I 2011 blei radiomasta frå 1952 riven. Det er for lengst slutt på mellombølgesendingane frå Vigra.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Meldingane som gjekk ut på radio

Meldinga som gjekk ut over Vigra kringkastar var formulert av Utanriksminister Halvdan Koht.

«Den tyske regjering har kravt at den norske Kongen skal utnemne ei regjering som har tysk tillit og som den tyske føraren har peikt ut. Kongen har ikkje kunna bøye seg for eit krav som vil gjere Noreg til eit usjølvstendig rike. Her kan inga anna regjering få styre enn den som har tillit hos det norske folket.»

Kong Haakon

Kong Haakon VII og Kronprins Olav med følgje på flukt frå tyske bomber i Nybergsund 11. april 1940 .

Foto: “Krigsarkivet” – fotograf ukjent / NTB scanpix

«Det kan sjå mørk ut for Noreg i denne stunda. Og mykje kan lukkast for valdsherren å få øydelagt. Men regjeringa har den visse vona at ei ny og lys framtid skal kome for landet ein gong, og manar difor heile det norske folket til å halda fast på den norske fridomsarven i truskap mot dei store tankane som har bore landet vårt fram gjennom hundreåret. Leve Fedrelandet. Leve eit fritt Noreg».

Kongen hadde skrive under, saman med Statsministeren.

«Jeg slutter meg i ett og alt til den appell som regjeringen har rettet til det norske folk. Jeg er overbevist om at jeg har hele folket med meg i den beslutning som er tatt».

– Leitt at spora kan bli borte

Hildre tykkjer det er svært leit at alle spora etter Vigra Kringkastar kan bli jamna med jorda.

Den rike krigshistoria er éin ting. Men Vigra Kringkastar er også den einaste stasjonen som har vore med på heile den analoge utviklinga av kringkasting. Og det er den einaste stasjonen som faktisk KAN bergast. Det er mykje historie som går tapt om bygget blir rive, seier Hildre.