Her kan dei snart juble for fullgodt breiband

Nye 30 millionar frå staten løyser ut millionar frå fylkeskommune og kommunane til utbygging av breiband i Sogn og Fjordane.

Olav Skarsbø

NØGD: Olav Skarsbø er nøgd med utteljinga til breibandprosjekt i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

I tillegg må også innbyggjarane bygdene som no får fullverdig breibandtilbod medverke med anten eigne midlar eller dugnad under utbygginga.

– Midlane går i hovudsak til dei område som har svakast tilbod i dag. Så det er absolutt positivt at vi får det til no, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Treng 300 millionar

Med den siste løyvinga har Sogn og Fjordane sidan 2014 fått nær 90 millionar kroner til breibandprosjekt.

Spreidd busetnad, tronge dalar og langt mellom husstandane gjer at det er fleire område som ikkje er kommersielt økonomiske for leverandørane å byggje ut.

– Den nye breibandstrategien viser at det er behov for 300 millionar kroner for at alle skal få eit fullgodt tilbod. Regjeringa har som mål at 90 prosent av alle husstandar skal ha 100 megabit i løpet av 2020, seier Skarsbø.

Samarbeid

I staden for at kommunane sende inn sine eigne søknader, søkte dei saman. Skarsbø trur at det var ein avgjerande faktor Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking jobba med søknaden i lengre tid.

Det trur også fylkesordførar Jenny Følling (Sp). Totalt løyvde staten 125 millionar til breiband.

– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket. Det er stort behov for utbygging av breiband, og med 30 millionar vil mange familiar og verksemder få breiband, seier Følling.