Her kan du snart sjå eit vikingskip bli bygd

Grunnmuren til byggehallen der den 30 meter lange rekonstruksjonen av Myklebustskipet skal byggast er kommen på plass ved fjorden på Nordfjordeid.

– Vi har lagt ned mange innsatstimar sidan 2008. Så vi kan stå her og sjå at prosjektet blir realisert i dag med ein viss andakt, seier dagleg leiar i Sagastad drift AS, Solveig Midtbø.

Skipet skal vere på fjorden våren 2019, medan bygginga av sjølve senteret, Sagastad, skal byrje på nyåret i 2018.

Signerer avtala Sagastad

I BOKS: Solveig Midtbø, Roger Bergseth, Ove Bjørlo og Irene Berteig signerer avtala om bygging av Sagastad og Myklebustskipet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Bygginga av skipet kan bli attraksjon

På det 30 meter lange Myklebustskipet er truleg det største som er funne i Noreg.

Båtbyggar Jakob Helset i Bjørkedalen i Møre og Romsdal skal bygge den store farkosten i ein stor plasthall på 10–40 meter. Allereie i januar byrja han å felle tre som skal bli materiale til skipet.

  • Har du sett NRK sin nye humorserie Vikingane?

Medan bygginga går føre seg i hallen kan publikum få med seg korleis eit vikingskip blir til.

– Vi har prøvde dette litt før i småskala i Bjørkedalen. Der slang det av og til innom mykje folk, og andre gonger når det var kaldt og hustrig var det ikkje så mange, fortel Dag Inge Bjørkedal i Bjørkedalsbåt AS.

Båtbyggarane

BÅTBYGGARAR: Dag Inge Bjørkedal, Ottar Bjørkedal, Jacob Helseth og Ola Følsvik skal vere med å bygge rekonstruksjonen av Myklebustskipet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han fortel at bygginga for det meste skal skje om vinteren og våren.

– Men vi må regulere dette. Vi kan ikkje ha alle gåande, då får vi ikkje gjort nokon ting, slår han fast.

Han fortel at båtbyggarane har rekna med litt slingringsmonn når dei har sett byggeplanen til to år.

– Vi kunne nok bygd båten på halve tida hadde vi drive på i eitt alle mann. Men det er greitt å ha litt tid på eit så stort prosjekt, seier Bjørkedal.

48 årepar

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, har tidlegare sagt til NRK at han håpar vikingsenteret skal bli ein stor attraksjon.

No har han lagt seg i hardtrening, for når Myklebustskipet blir sjøsett i 2019 har ordføraren tenkt å sitte bak årene.

– Dei fleste som drog i viking var vanlege bønder frå Vestlandet. Men dei hadde vel med seg nokre meir sjøvande også, så vi får satse på det, seier ordføraren.

Det held ikkje med berre ein ordførar for å drive det store skipet framover, seier Dag Inge Bjørkedal.

– Det er 48 årepar, og dei fleste må nok vere i sving for å få skipet framover, seier båtbyggaren.